Avtalelova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Lov om avslutning av avtaler, om fuldmagt og om ugyldige viljeserklæringer, som regele kalla avtalelova eller avtaleloven (forkorta avtl.), er ein norsk lov som regulerer inngåing av avtalar, fullmakter, fullmakt og ugyldigheit.

Loven blei sanksjonert av Kongen i statsråd 1. mai 1918.

Avtaleretten er samansett av avtalelova og ulovfesta reglar, noko som gjer han dels lovfesta, dels ulovfesta.

Lova gjeld på formueretten sitt område. Formueretten er ein del av privatretten som omfattar formuerett, familierett, arverett og personrett. Familierett, arverett og personrett dekkjast ikkje av avtalelova.

Formueretten handlar om privatrettslege reglar for økonomiske gode. Eit kjenneteikn ved rettane som blir behandla i formueretten er at dei kan overførast til andre ved sal. Tingsretten høyrer inn under formueretten. Tingsretten regulerer eigarar og andre rettshavarar sin  råderett over fast eigedom eller andre objekt.

Familieretten behandlar personlege rettar som ikkje er omsetjelege ved avtale, som t. d born sin rett til omsorg frå foreldra sine. Arveretten regulerer økonomiske spørsmål ved daude og skilsmisse. Det finst ikkje noko generelt svar på om avtalelova sine reglar kan brukast analogisk på t. d skilsmisse eller arvetvistar, og vil kome an på om analogisk bruk av regelen fører til ei god løysing.

1. kapittel i avtalelova kan i stor grad seiast å regulere visse partsutsegner: tilbod og aksept. Meir spesifikt regulerer 1. Kap når tilbydaren og akseptanten blir bundne av avtalen. Det følgjer av avtl. §1 at reglane i kapitlet er deklaratoriske. Det vil seie at ein kan avtale seg bort frå reglane. «Handelsbrug eller anden sedvane» kan òg går framfor 1. Kap, om dette er gode reglar som varetek partane sine interesser, har brei konsensus blant aktørane og har vore i bruk lenge.

2. kapittel regulerer fullmakt. Spørmsmålet om reglane i kapitlet er deklaratoriske eller preseptoriske, men partane har ikkje høve til å avtale seg bort frå reglane som vernar om «tredjemand» – medkontrahenten.

Det følgjer av forarbeida til avtalelova at reglane i 3. kapittel om ugyldigheit er preseptoriske. 3. kapittel har eit større omfang enn 1. kapittel sidan det regulerer «ugyldige viljeserklæringer». Ei «viljeserklæring» er ei forpliktande utsegn på formueretten sitt område, som t. d ei oppseiing eller eit gåveløfte. Ei ugyldig viljeserklæring fører til at avtalen ikkje lenger er gyldig, og partane er ikkje lenger bundne av han.

Ved tvistar i samband med internasjonale transaksjonar oppstår det ofte eit spørsmål om kva land sin rett som skal brukast for å løyse tvisten. Reglane for lovval går inn under den internasjonale privatretten. Lovval er ein eigen rettsdisiplin på lik line med avtaleretten.

Ved internasjonale kjøp skal som hovudregel avtaleretten i heimstaden til seljaren gjelde. Ved forbrukarkjøp har det likevel i seinare år vore ei utvikling mot at det er avtaleretten i landet til forbrukaren som skal gjelde.

Partar i ein avtale står fritt til å avtale seg imellom kva for avtalerett som skal regulere tvistar før, under og etter inngåing av avtalen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]