Båtmøll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Båtmøll
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Orden: Sommarfuglar Lepidoptera
Infraorden: Heteroneura
Overfamilie: Gelechioidea
Familie: Båtmøll Gelechiidae
Stainton, 1854

Båtmøll (Gelechiidae) er ei familiegruppe av sommarfuglar. Båtmøll tilhøyrer overfamilien Gelechioidea, ein av mange små sommafugltypar som vanlegvis blir omtalte som møll.

Det finst båtmøll i heile Noreg. Det er funne 732 artar i Europa, inkluder eventuelle underartar (variantar). Totalt sett er det skildra rundt 4500 artar, men det finst mange fleire som ikkje er skildra enno.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Insekta i denne gruppa er små til middelsstore (vengespenn 6- 35 mm), vanlegvis slanke, ofte brokete farga, nokre er metallfarga. Antennene er trådforma og ganske lange. Vengene er lange og smale, med lange hårfrynser langs den ytste delen av bakkanten på framvengen og langs fram- og bakkanten på bakvengen. Bakvengene er karakteristisk innbukta bak spissen, som er markert uttrekt. Beina er høvesvis lange.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Larver av båtmøll lever på fleire ulike plantar, og utnyttar over 80 ulike familiar av nakenfrøingar og blomsterplantar. I tillegg er det kjent nokre få artar som lever på bregnar og mosar, og ein del som et daudt plantemateriale eller frø. Dei fleste lever som utvaksne larver i hylster rundt skota til plantene, medan dei unge larvestadia gjerne minerer inne i blad. Nokre borar i stenglar eller røter, og nokre få lever i gallar som dei får plantane til å danna. Dei vaksne møllane flyg vanlegvis om natta. Båtmøllane er mest artsrike i tempererte område, blant anna har dei høvesvis mange arter i ørkenar og andre tørkeutsette område.

Skadedyr[endre | endre wikiteksten]

Fleire arter er skadedyr på plantar og tre. Ein av artane, furuskotmøll, er ein av mange skadedyr på furutre. Arten Pectinophora gossypiella er eit alvorleg skadedyr på bomull. Sitotroga ceralella finst over det meste av verda og gjer skade på lagra korn, medan Phthorimaea operculella angrip poteter.

Systematisk inndeling/norske artar[endre | endre wikiteksten]

Treliste
  • ordenen Sommarfuglar, Lepidoptera
    • gruppa Glossata
      • Gruppa Coelolepida
        • Gruppa Myoglossata
          • Gruppa Neolepidoptera
            • Gruppa Heteroneura
              • Gruppa Eulepidoptera
                • Gruppa Ditrysia
                  • Overfamilien Gelechioidea
                    • familie Båtmøll (Gelechiidae)
                      • underfamilien Dichomeridinae – har seks slekter i Europa, med 43 arter, inkludert eventuelle underartar.
                        • slekta Dichomeris Hübner, 1818 – tre artar i Noreg
                        • slekta Brachmia Hübner, 1825 – to artar i Noreg
                        • slekta Helcystogramma Zeller, 1877 – tre artar i Noreg
                        • Acompsia cinerella (Clerck, 1759)
                      • underfamilien Gelechiinae – har mange slekter i Europa, med 680 arter, inkludert eventuelle underartar.
                        • gruppa Apatetrini
                          • Apatetris kinkerella (Snellen, 1876) – funnen i Sverige og Danmark, ikkje i Noreg
                        • gruppa Anomologini
                          • Slekta Aristotelia Hübner, 1825 – tre artar i Noreg
                          • Slekta Chrysoesthia Hübner, 1825 – to artar i Noreg
                          • Xystophora pulveratella (Herrich-Schäffer, 1854)
                          • Isophrictis striatella (Denis & Schiffermüller, 1775)
                          • Slekta Metzneria Zeller, 1839 – tre artar i Noreg
                          • Agrolamprotes micella Denis & Schiffermüller, 1775)
                          • Slekta Monochroa Heinemann, 1870 – 12 artar i Noreg
                          • Slekta Eulamprotes Bradley, 1971 – tre artar i Noreg
                          • Slekta Bryotropha Heinemann, 1870 – ni artar i Noreg
                        • gruppa Teleiodini
                          • Recurvaria leucatella (Clerck, 1759)
                          • Exoteleia dodecella (Linnaeus, 1758)
                          • Stenolechia gemmella (Linnaeus, 1758)
                          • Parachronistis albiceps (Zeller, 1839)
                          • Slekta Teleiodes Sattler, 1960 – fire artar i Noreg
                          • Slekta Carpatolechia Capuse, 1964 – seks artar i Noreg
                          • Pseudotelphusa paripunctella (Thunberg, 1794)
                          • Teleiopsis diffinis (Haworth, 1828)
                          • Slekta Altenia Sattler, 1960 – to artar i Noreg
                        • gruppa Gelechiini
                          • Slekta Gelechia Hübner, 1825 – åtte artar i Noreg
                          • Slekta Psoricoptera Stainton, 1854 – to artar i Noreg
                          • Mirificarma mulinella (Zeller, 1839)
                          • Slekta Chionodes Hübner, 1825 – 11 artar i Noreg
                          • Aroga velocella (Zeller, 1839)
                          • Filatima incomptella (Herrich-Schäffer, 1854)
                          • Neofriseria peliella (Treitschke, 1835)
                          • Prolita sexpunctella (Fabricius, 1794)
                          • Slekta Athrips Billberg, 1820 – tre artar i Noreg
                        • gruppa Gnorimoschemini
                          • Slekta Gnorimoschema Busck, 1900 – fem artar i Noreg
                          • Scrobipalposis petasitis (Pfaffenzeller, 1867)
                          • Slekta Scrobipalpa Janse, 1951 – ni artar i Noreg
                          • Slekta Scrobipalpula Povolny, 1964 – to artar i Noreg
                          • Cosmardia moritzella (Treitschke, 1835)
                          • Klimeschiopsis kiningerella (Duponchel, 1843)
                          • Slekta Caryocolum Gregor & Povolny, 1954 – 12 artar i Noreg
                        • gruppa Anacampsini
                          • Slekta Sophronia Hübner, 1825 – fire artar i Noreg
                          • Slekta Syncopacma Meyrick, 1925 – fire artar i Noreg
                          • Aproaerema anthylidella (Hübner, 1813)
                          • Slekta Anacampsis Curtis, 1827 – tre artar i Noreg
                        • gruppa Chelariini
                          • Hypatima rhomboidella (Carl von Linné|Linnaeus, 1758)
                          • Nothris verbascella (Denis & Schiffermüller, 1775)
                          • Slekta Neofaculta Gozmány, 1955 – to artar i Noreg
                      • underfamilien Pexicopiinae – har fem slekter i Europa, med 9 artar, inkludert eventuelle underartar.
                        • Pexicopia malvella (Hübner, 1805)
                        • Thiotricha subocellea (Stephens, 1834)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]