Norsk entomologisk forening

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Norsk entomologisk forening er eit lag for insekt-interesserte menneske i Noreg. Organisasjonen har som føremål å fremja interessa for og studiet av entomologi i Noreg og å knyta kontakt mellom dei interesserte.

Entomologi er læra om insekt.

Foreininga er open for både amatørar og fagfolk. Så lenge ein er interessert i insekt eller andre leddyrsgrupper kan ein bli medlem.

Dei fleste større norske byar har lokallag. Desse arrangerer utflukter til stadar med særskild spanande insektfauna og rettleier i samband med artsbestemming og preparering av innsamla materiale.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Norsk entomologisk forening vart skipa i 1904 av ti eldsjeler. Ingen av desse var entomologar av yrke, men to av dei var biologar. Felles hadde dei ei stor interesse for insekt. Det var Thomas Münster som opphavleg kom med initiativet og vart den første formannen i laget. Året etter fekk laget endå to medlemmar til, og dei tok til å skriva sine første lover. Det var særleg sommarfuglar og biller som medlemmane konsentrerte seg om dei første åra.

Institusjonar kunne bli medlemmar frå om lag 1921, og først ut var Noregs LandbrukshøgskoleÅs. I 1922 fekk foreininga òg sine første utanlandske personlege medlemmar. Medlemstalet auka gradvis, og i 1930 var det om lag 40 personlege medlemmar i laget.

Kartlegging av insekt i Noreg[endre | endre wikiteksten]

For å kunna kartlegga utbreiinga til norske insekt vart det naudsynt med eit enkelt system for å plassera funn geografisk. Münster utarbeidde Norges biografiske kretser, for botanikarar og zoologar. Her vart landet delt inn i område med talkodar.

Dette systemet vart derimot ikkje mykje brukt. I 1943 kom difor Andreas Strand med eit nytt system, Inndeling av Norge til bruk ved faunistiske oppgaver, populært kalla Strand-systemet. Etter dette vart Noreg delt inn i 37 regionar, etter dei dåverande kommune- og fylkesgrensene. Det vart dessutan teke omsyn til at faunaen i innlandet ikkje er lik faunaen på kysten. Dei fleste fylke er her difor delt inn i mindre område, som indre, ytre, nord eller sør. Strand valde òg å nytta bokstavkodar framfor tal. HOY er til dømes koden for ytre Hordaland.

Systemet vart revidert i 1981 av Karen Anna Økland, fordi kommunegrensene òg hadde vorte revidert. Dette systemet er i dag tilrådd av foreininga, og vert nytta i alle publikasjonane deira.

Frå 1960-talet vart UTM-rutenettet nytta for kartlegginga. Ikkje nok med det vart EIS-systemet (European Invertebrate Survey) tilrådd frå 1978. Her vert Europa delt inn i kvadratiske ruter på 50x50 kilometer. I eit eige avgrensa system for Noreg er rutene tilpassa noregskartet og nummerert frå 1 til 189. Oslo ligg til dømes i ruta EIS 28.

Tidsskrift og annan litteratur[endre | endre wikiteksten]

Naturleg nok fanst det ingen eigne norske entomologiske tidsskrift dei første åra. Dei første norske entomologiske publikasjonane vart difor trykt i det svenske Entomologisk Tidskrift, noko som var naturleg i og med at Noreg på denne tida var i union med Sverige. I dei norske magasina Videnselskapets serier og Nyt magazin for Naturvidenskaberne vart det òg publisert stoff.

Dette var ikkje nokon tilfredsstillande situasjon. Det første eigne norske entomologiske tidsskriftet vart difor skipa i 1921. Det heitte då Norsk entomologisk Tidskrift, og kjem etter fleire namnebyte framleis ut. I dag heiter bladet Norwegian Journal of Entomology og kjem ut to gongar i året.

I 1939 vart den første fullstendige katalogen over utbreiing av insekt i Noreg gitt ut. Denne heitte Catalogus Coleopterorum Daniae et Fennoscandiae og tok for seg billene.

Tidsskriftet Atalanta norvegica vart utgitt frå 1967 til 1983, og var eit alternativ til Norwegian Journal of Entomology som tok for seg norske sommarfuglar. Dei gamle nummera av dette bladet, som ikkje vert trykt lenger, ligg tilgjengeleg på heimesida til organisasjonen.

Medlemsbladet til laget heiter Insekt-Nytt, og er skrive populærvitskapleg. Tidsskriftet vart først gitt ut i 1976, og kjem som regel ut fire gongar i året. Det inneheld stoff om innsamling og preparering, litteratur om norske insekt, korte presentasjonar av insekt eller insektgrupper og nye funn. Andre leddyrsgrupper som edderkoppdyr får òg spalteplass.

Trykkserien Insecta norvegiae vert òg gitt ut av foreininga. Ho kjem ut uregelmessig og gjev ut større arbeid som til dømes monografiar, sjekklister og bibliografiar.

Norske Insekttabeller er ein serie billige norskspråklege hefte med bestemmingstabellar over ymse grupper i norsk insektfauna.

I 2002 kom Catalogus Lepidopterorum Norvegiae ut. Denne var basert på rundt 125 000 registreringar av sommarfuglar i Noreg. Desse opplysningane ligg i ein søkbar database som jamleg vert oppdatert.

Formenn i laget[endre | endre wikiteksten]

Æresmedlemmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Omarbeidd frå Wikipedia på bokmål og riksmål, som nytta denne kjelda:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]