Børt-Erik Thoresen
Børt-Erik Thoresen | |||
![]() | |||
Fødd | 5. august 1932 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dombås | ||
Død | 10. april 2011 (78 år) | ||
Dødsstad | Lillehammer kommune | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | skodespelar, songar, TV-personlighet | ||
Gift med | Aase Nordmo Løvberg | ||
Born | Odd Arne Husum |
Børt-Erik Thoresen (5. mai 1932–10. april 2011) var ein norsk TV-personlegdom, visesongar, musikar, låtskrivar og skodespelar frå Dovre. Thoresen var bror til Åse Thoresen.
Thoresen spelte både gitar og fiolin. Han platedebuterte i 1954, og gjorde mellom anna innspelingar med systera. Frå 1964 til 1968 jobba han som skodespelar, mest på Rogaland Teater, men også på Det Norske Teatret. Han spelte ofte i musikalar og operettar.
Han vart tilsett i underhaldningsavdelinga i NRK i 1968 og laga ei rekkje program rundt norsk folkemusikk og gamaldans. Frå slutten av 80-talet til 1992 jobba han ved Opplandsradioen på Lillehammer. Han var gift med operasongarinna Aase Nordmo Løvberg.
Plateinnspelingar[endre | endre wikiteksten]
- 1966: Hei huskom i hei - utgitt på plateselskapet Nor-Disc
- 1966: Viser ved peisen - med Åse Thoresen, Triola
- 1969: Folkelige viser - med Åse Thoresen, Triola
- 1974: Ekko fra Dombås - Triola
- 1975: Børt-Erik Thoresen med nogo attåt - samleplate
- 1978: Hjembygdas melodi - Triola
- 1977: En visebukett - med flere artister, Philips
- 1984-1988: Glade minner 1 – 3 (Glad Musikk) - med Åse Wentzel og Gunnar «GP» Pedersen
- 1997: Børt-Erik Thoresen valser og viser seg.. - samleplate
Bøker[endre | endre wikiteksten]
- Viser ved peisen, Oslo 1978: Cappelen
- Ekko fra Dombås (ca. 1960)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Artikkelen byggjer på bokmålswikipedia om Børt-Erik Thoresen, henta inn 16. april 2011.
- Biografi i Norsk pop- og rockleksikon fra 2006