Bamilekefolk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bamilekefolk i Vest-Kamerun som dansar den tradisjonelle dansen nte.

Bamileke er ei av dei største folkegruppene i Kamerun. Det opphavlege heimlandet deira var på savannen og i fjellsidene i vestre Kamerun,[1] der dei dyrka mais, kolanøtt og kaffi. Høg folketettleik har likevel ført til at mange er blitt tvinga til å forlata landsbygda. I byar som Douala og Yaoundé driv dei mellom anna med transport, handel, bar- og hotellaktivitet. Dei er òg kjende som dyktige handverkarar (treskjering, veving, tekstilfarging og perlearbeid).[2] Den økonomiske verksemda deira har av og til forårsaka konfliktar med andre folkegrupper i byane.[1]

Opphavleg var bamilekefolk organiserte i rundt 90 høvdingdøme som kvart var leia av ein fo (høvding). Namnet «bamileke» blir no nytta om alle dei som inngjekk i desse høvdingdøma, inklusive bamendafolket, og alle snakkar nærskylde bantuspråk.[3] Ifølge tal frå 2023 omfattar dei kring 3,5 millionar menneske.[4]

Størstedelen av befolkninga følgjer ein tradisjonell religion som inkluderer forfedredyrking, sjølv om ein del har konvertert til islam eller kristendom.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Bamileke». Nationalencyklopedin. Henta 17 augusti 2010. 
  2. «bamileke». Store norske leksikon (på norsk). 2023-01-12. Henta 15. februar 2023. 
  3. «bamileke». Store norske leksikon (på norsk). 2023-01-12. Henta 15. februar 2023. 
  4. «bamileke - Uppslagsverk - NE.se». www.ne.se. Henta 15. februar 2023. 
  5. «Bamileke | people | Britannica». www.britannica.com (på engelsk). Henta 15. februar 2023.