Kolanøtt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kolanøtter
Kolanfrukt med halve skalet teke av for å visa fram kvite frøskal, og ferske frø (heile utan frøskal til venstre, og delt inn etter frøblad til høgre).

Kolanøtt er frø frå ulike artar i planteslekta Cola, som kolatre. Dei inneheld koffein, og blir brukt som smakstilsetjing i ulike leskedrinkar. Namnet på drikken cola er avleidd frå nøtta, og ho var eit av utgangspunkta for Coca Cola.[1]

Kolaplantane stammar frå tropisk regnskog i Afrika. Han høyrer til kattostfamilien (Malvaceae), og frukta minnar om den til kakaotre.

Generell skildring[endre | endre wikiteksten]

Frø av ekte/«hoe»- kola (Cola acuminata) samanlikna med dei til bitter/«hann»-kola (Garcinia kola)

Kolanøtt kjem frå eviggrøne tre i Cola-slekta, særleg av artane Cola acuminata og Cola nitida.[2] Cola acuminata blir rundt 20 meter høgt og har kremfarga blomar med lilla-brune striper. Frukta er stjernefomra og inneheld vanlegvis fem belgkapslar. Inni kvar kapsel utivklar det seg rundt eit dusin prismeforma frø i eit kvitt frøskal. Nøttene har ein søt, roseaktig aroma.

Kolanøtter inneheld rundt 2–4 % koffein og teobromin,[2] i tillegg til garvesyre, alkaloid, saponin og flavonoid.[3]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Kolanøtter lagde ut for sal i den sentrale marknaden i Ouagadougou i Burkina Faso

Kolanøtt har ein bitter smak og inneheld koffein. Det er vanleg å tygga henne i mange vestafrikanske land, både for seg sjølv og i sosiale lag.[4] Ho blir ofte brukt seremonielt, som gåve til hovdingar eller gjestar.[5] I folkemedisin blir kolanøtter rekna som nyttige for fordøyinga i malen form blanda med honning, og blir også brukt mot hoste.[6] I vestleg kultur er kolanøtta kanskje best kjend som ein smaksgjevar og ei av koffeinkjeldene i cola og andre drikkar med liknande smak, sjølv om kolanøttekstrakt ikkje blir brukt lenger i større kommersiell produksjon som av Coca-Cola.[1][7]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Menneske ser ut til å ha brukt kolanøtta i svært lang tid, på same måte som kaffibær og teblad. Ein tygg henne i mange vestafrikanske kulturar, både i private og sosiale høve, som kjelde til mental stimulering.[1]

Spreiinga av kolanøtt gjennom Nord-Afrika ser ut til å vera knytt til spreiinga av islam i området på 1600-talet, sidan handel over Middelhavet blei meir konkret. Kolanøtta var spesielt nyttig på slaveskip for å forbetra smaken av vatn, sidan afrikanarar haldne som slavar ofte fekk vatn av dårleg kvalitet til å drikka.[8]

Kolanøtter er ein viktig del av tradisjonall åndeleg praksis innan fleire vestafrikanske kulturar og religionar, særleg i Niger, Nigeria, Sierra Leone og Liberia.[1][9] Nøttene blir brukte som eit religiøst objekt og eit heilag offer under bøn, tilbeding av forfedrar og viktige overgangsriter, som som namneseremoniar, bryllaup og gravferder. Til denne bruken er det berre kolanøtter inndelte i fire som eignar seg. Dei blir kasta ut på ei spesiell treplate og mønstera dei dannar blir tolka av ein trena spåmann.[10] Blant jorubafolk blir nøtta også brukt blant muslimar, i bryllaup og andre seremoniar.[11]

Seremoniell gjeving av kolanøtter frå leiaren av Ife.

Kolanøtter blei brukte som ei form for valuta i slike vestafrikanske grupper som malinke og bambara i Mali og Senegal. Dei blir framleis brukt slik i dag i visse situasjonar som i forhandlingar om brurepris eller som ei form for respekt eller vertsgåve til dei eldste i ein landsby dersom ein flyttar til ein landsby eller inngår ein forretningsavtale med landsbyen. Igbofolk bruker å gje nøttene til gjestar eller ved tradisjonelle samvere for å visa velvilje.[12]

Coca-Cola[endre | endre wikiteksten]

I 1880-åra tok ein apotekar i Georgia, John Pemberton, koffeinekstrakt frå kolanøtter og kokainhaldig ekstrakt frå kokablad og blanda dei med sukker, andre smaksstoff og kolsyrevatn til Coca-Cola, den fyrst cola-leskedrikken.[1] I dag inneheld ikkje Coca-Cola-oppskrifta ekstrakt frå kolanøtt.[1][13]

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Kolanøttproduksjon i verda

Med eit naturleg vekstområde i tropisk regnskog treng kolatre eit varmt, fuktig klima, men toler ein tørr sesong på stader der grunnvasstanden er høg. Det kan dyrkast i tørrare område der grunnvatn er tilgjengeleg. C. nitida toler skugge, men utviklar ei meir utbreidd krone som gjev meir frukt på opne vekststader. Sjølv om det er eit låglandsskogstre, er det blitt funne i høgder over 300 m på djupt, rikt jordsmonn der det finst kraftig og jamt fordelt nedbør.

Når ein dyrkar trea er regelmessig luking nødvendig, noko som kan utførast manuelt eller ved bruk av ugrasmiddel. Plantane kan få noko vatning, men det er viktig å også fjerna overflødig vatn gjennom eit effektivt dreneringssystem, då det elles kan vera skadeleg for veksten til planten. Når han ikkje blir dyrka i tilstrekkeleg skugge, reagerer kolanøttplanten godt på gjødsel. Vanlegvis må plantane utstyrast med vindfang for å verna dei mot sterk vind.

Kolanøtter kan haustast mekanisk eller for hand, ved å plukka dei inne ved greina. Nigeria står for 52,4 % av verdsproduksjonen, følgd av Elfenbeinskysten og Kamerun.[14] Kolanøtter oppbevarte i kalde, tørre stader kan lagrast i lang tid.[15]

Sjukdommar og skadedyr[endre | endre wikiteksten]

Nøttene er utsett for angrep av kola-snutebilla Balanogastris cola. Larvane til møllen Characoma strictigrapta, som også angrip kakao, kan bora seg inn i nøttene. Dyrkarar bruker nokre gangar ekstrakt av borken av Rauvolfia vomitoria eller dei pulveriserte fruktene av Xylopia og Capsicum for å motverka angrep på planteskuleplantar . Kakaoskadedyra Sahlbergella spp. kan òg ha C. nitida som ein alternativ vertsplante. Medan frø er utsette for ormeangrep, er treverket utsett for boreangrep.

Kjemisk innhald[endre | endre wikiteksten]

Byrjande studiar av plantekjemikalia i kolanøtt har gjeve desse innhaldsfoholda:[2]

Kultur og samfunn[endre | endre wikiteksten]

Chinua Achebe skildrar kort ein kolanøttseremoni i romanen Things Fall Apart frå 1958. Eting av kolanøtter er omtalt minst ti andre gonger i romanen, og viser tydinga av nøtta i den førkolonielle igbokulturen i Nigeria på 1890-talet. Ei av utsegnene om kolanøtter i boka er: «He who brings kola brings life.»[16] Nøtta er også viktig i romanen GraceLand av Chris Abani frå 2004.[17] Ho er nemnd i The Color Purple av Alice Walker, men namnet blir der skrive «cola».[18] Kolanøtt blir også nemnd fleire gonger i Half of a Yellow Sun av Chimamanda Ngozi Adichie, som også inneheld frasen «He who brings the Kola nut brings life».

Hitten «Goro City» av Manu Dibango frå 1970-talet viser tydinga til kolanøtter (goro på hausa)[19] i hovudstaden i Niger, Niamey.

Kolanøtt er nemnd i songen «Where is Home?» av Bloc Party på albumet A Weekend in the City. Teksten handlar om ein scene etter ei gravferd for ein drepen svart gut i London, og seier, «After the funeral, breaking kola nuts, we sit and reminisce about the past.» Kolanøtt er også nemnd i songen «Enfilade» av At the Drive-In på albumet Relationship of Command.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Veronique Greenwood (23. september 2016). «The little-known nut that gave Coca-Cola its name». BBC News - Future. Henta 23. desember 2019. These days, the Coca-Cola recipe is a closely guarded secret. But it's said to no longer contain kola nut extract, relying instead on artificial imitations to achieve the flavour 
  2. 2,0 2,1 2,2 Burdock, G. A.; Carabin, I. G.; Crincoli, C. M. (2009). «Safety Assessment of Kola Nut Extract as a Food Ingredient». Food and Chemical Toxicology 47 (8): 1725–32. PMID 19394393. doi:10.1016/j.fct.2009.04.019. 
  3. E. I. Adeyeye & O. O. Ayejuyo, Chemical composition of Cola acuminata and Garcinia kola seeds grown in Nigeria, International Journal of Food Sciences and Nutrition, Volume 45, 1994 - Issue 4.
  4. Lovejoy, Paul E. “Kola in the History of West Africa (La Kola Dans L'histoire De L'Afrique Occidentale).” Cahiers D'Études Africaines, vol. 20, no. 77/78, 1980, pp. 97–134. JSTOR, www.jstor.org/stable/4391682. Vitja 15. mars 2021.
  5. «Kola Nut». Igbo insight guide to Enugu and Igboland's Culture and Language. igboguide.org. 
  6. Odebunmi, E. O.; Oluwaniyi, O. O.; Awolola, G. V.; Adediji, O. D. (1. januar 2009). «Proximate and nutritional composition of kola nut (Cola nitida), bitter cola (Garcinia cola) and alligator pepper (Afromomum melegueta)». African Journal of Biotechnology (på engelsk) 8 (2). ISSN 1684-5315. 
  7. Carney, Judith Ann (2011). In the shadow of slavery : Africa's botanical legacy in the Atlantic world. Richard Nicholas Rosomoff. Berkeley [Calif.]: University of California Press. ISBN 978-0-520-94953-9. OCLC 759158601. 
  8. Aina Adewale-Somadhi (2004). Practitioner's Handbook for the IFA Professional. Ile Orunmila Communications. s. 1. ISBN 978-0971494930. 
  9. Epega, A. A. (2003). Obi Divination. Athelia Henrietta Press. s. 1–2. ISBN 978-1890157340. 
  10. Danmolé, H. O. (2008). «Religious Encounter in Southwestern Nigeria: The Domestication of Islam Among the Yoruba». I Olupona, Jacob Kẹhinde; Rey, Terry. Òrìşà Devotion as World Religion: The Globalization of Yorùbá Religious Culture. U of Wisconsin. s. 202–21. ISBN 9780299224646. 
  11. Osuagwu, Bertram I. N.; Pritchett, W (March 28, 2003). The Igbos and Their Traditions (PDF). s. 1. Henta 30. juli 2018. 
  12. Meyers, C. (6. mai 2011). «How Natural Is Your Cola?». Science NOW. 
  13. «Top Producing Countries of Kola Nut». Tridge. Henta 29. desember 2019. 
  14. «From Nigeria, the Kola nuts are here». Daily Nation (på engelsk). Henta 28. desember 2017. 
  15. Achebe, Chinua (1958). Things Fall Apart. Johannesburg, South Africa: Heinemann. s. 6. ISBN 978 0 435905 25 5.
  16. Abani, Chris (2005). GraceLand: A Novel. Farrar, Straus and Giroux. ISBN9781429929820.
  17. Walker, Alice (1992). The Color Purple. Houghton Mifflin Harcourt. s. 160. ISBN9780151191543.
  18. Robinson, Charles Henry (1913) Dictionary of the Hausa Language, Volume 1. Cambridge: University Press. s 117.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Kolanøtt