Barlindbotn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Plasseringa av Barlindbotn

Barlindbotn er ei lita grend i Flora kommune i Sogn og Fjordane.

Barlindbotn ligg inst i Eikefjorden i Flora kommune. Barlindbotn var frå gamal tid jakt- og sankingsområde for folka som budde i Eikefjord (rett på hi sida av fjorden), det var ein viktig fiskeplass, spesielt for sild, det var mykje eik i områda, som blei hogd ned og frakta vekk med båt. I mellomalderen blei Barlindbotn jord under storbonden i Hovland (Eikefjord), men Barlindbotn blei ikkje nokon bustad før seinare. Rundt år 1914 var det to gardar i Barlindbotn, det var såkalla plassar, husmenn under bonden i Hovland. Utover 1900-talet auka folketalet, og det blei lagd til skule, butikk, posthus, postrute og båtrute til Florø. Det blei bygd tønneverkstad i Kalsvika, å lage tønner var eit gamalt handverk i Sunnfjord.

Folka som levde i Barlindbotn levde av sjølvbergingsjordbruk og fiske. Elva i Barlindbotn heiter Sageelva, som fekk namnet etter eit sagbruk som låg der. Elva renn ned frå Jagedalsvatnet.

Barlindbotn er rikt på dyre og planteliv. Nord for Barlindbotn ligg Sandvikbotn naturreservat, eit freda område for alt planteliv. I Barlindbotn finst også ei eiga hjortestamme og i fjorden ei eiga sildestamme. Barlindbotn settefiskanlegg er ein viktig industri i dag. Barlindbotn er òg eit hytteområde.

I 2007 blei det òg sett bjørn i Barlindbotn, dette var det mykje om på nyhenda.