Eikefjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°35′4.6824″N 5°27′29.632″E

Fakta om Eikefjord
Kommune: Flora
Fylke: Sogn og Fjordane
Folkemengd: 1285 (2007)
Postnummer: 6940

Eikefjord er ei bygd og tidlegare kommune i Flora i Sogn og Fjordane fylke. Bygda ligg ved Riksveg 5, mellom Florø og Førde, 23 km aust om Florø og 33 km vest om Førde. Dersom ein reknar med områda som soknar til Eikefjord barne- og ungdomsskule har bygda, etter data frå SSB, eit innbyggjartal på 1285 i 2007.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bygda Eikefjord femner om grendene eller grunnkrinsane Endestad/Løkkebø, Langedal/Ramsdal, Svardal/Steindalen, Høydalane, Steinhovden, Nyttingnes, Sandvika, Tonheim/Grov, Barlindbotn, Hovland/Kvalvik, Eikefjord og Sunnarvik i kraft av å ha sentrumfunksjonar som skule, post, bank, butikkar, bussknutepunkt og ulike lag og organisasjonar for desse.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I ein periode på 41 år frå 1923 til 1964 var Eikefjord ein kommune som femnde områda kring Eikefjorden og dalføret austover mot Ramsdalsheia. Eikefjord vart 1. januar 1923 skild ut frå Kinn som eigen kommune. 1. januar 1964 vart kommunen slegen saman med Kinn, Bru og Florø til Flora kommune.

I perioden frå om lag 1935 til om lag 1969 var det fleire mindre fabrikkar som dreiv med produksjon av tønner i Eikefjord.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling for tidlegare Eikefjord kommune frå 1923 til 1964:

1.1.1923[1] 1.12.1930[2] 3.12.1946[2] 1.1.1951[3] 1.1.1961[3] 1.1.1964[1]
929 960 1012 1068 978 919

Kultur og idrett[endre | endre wikiteksten]

Eikefjord kyrkje vart oppført i 1812. Kyrkja vart i 1874 ombygd til krosskyrkje med 350 sitjeplassar.

Eikefjord ungdomslag vart oppretta i 1901.

Eikefjord idrettslag vart stifta i 1967.

Personar med tilknyting til Eikefjord[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» av Dag Juvkvam for Statistisk sentralbyrå.
  2. 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
  3. 3,0 3,1 Folkemengd i Eikefjord 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Arkiv frå Eikefjord kommune[endre | endre wikiteksten]