Beit Berl
Beit Berl akademiske høgskule | |
Grunnlagt | 1970, 1964 |
---|---|
Type | Offentleg |
Stad | Drom HaSharon regionale kommune |
Studentar | 7000 |
Nettstad | http://www.beitberl.ac.il/ |
Beit Berl (hebraisk skrift בֵּית בֶּרְל, bokstaveleg 'Berlhuset') er ein landsby og den største akademiske høgskulen i Israel etter talet på studentar (kring 7 000) og talet på ulike studieretningar. Han ligg i utkanten av Kfar Saba og høyrer til Drom HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han ei permanent busetjing på 260.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Beit Berl vart kalla opp etter Berl Katznelson, den andelege leiaren til arbeidarrørsla i Palestinamandatet. Grunnsteinen vart lagt 21. august 1946 og staden vart nytta som eit baseområde for Haganah-styrkar og seinare det israelske forsvaret.
Beit Berl vart grunnlagd i 1970-åra på det som hadde vore skule for lærarar, ungdomsleiarar, kibbutzmedlemmar og unge immigrantar sidan slutten av 1940-åra.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Beit Berl» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juli 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- College website Arkivert 2015-08-13 ved Wayback Machine.