Nirit

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nirit
landsby
Namneopphav: Ei plante i området
Land  Israel
Region Sharon
Distrikt Sentral
Kommune Drom HaSharon
Koordinatar 32°8′38.04″N 34°58′58.79″E / 32.1439000°N 34.9829972°E / 32.1439000; 34.9829972
Folketal 1 132  (2010)
Grunnlagd 1982
Kart
Nirit
32°08′38″N 34°58′59″E / 32.1439°N 34.982997222222°E / 32.1439; 34.982997222222
Wikimedia Commons: Nirit
Nettstad: http://www.nirit.org.il/

Nirit (hebraisk skrift נִירִית) er ein fellesbusetnad sentralt i Israel. Han ligg nær Matan og Horashimskogen og høyrer til Drom HaSharon regionale kommune. I 2010 hadde han 1 132 innbyggjarar.[1]

Landsbyen er kalla opp etter ei lokal plante, Ridolfia segetum, som veks i nærleiken. Han vart grunnlagd den 19. januar 1982[2] og utvida to gonger, i 1986-1988 og igjen i 2000. Fram til 1986 budde det berre 15 familiar der i midlertidige bygningar, og i dag kring 240 familiar. I 2005 vart nabolaget Nof Hasharon bygd ut nær Nirit. Dette ligg like utafor Den grøne linja, og høyrer eigentleg til Alfei Menashe, men er i røynda slått saman med Nirit.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Israelsk statistisk sentralbyrå
  2. Nirit - The Beginning (hebraisk), arkivert frå originalen 7. mars 2012, henta 20. juli 2015 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]