Beit Nir
Hopp til navigering
Hopp til søk
Beit Nir | |
landsby | |
Land | ![]() |
---|---|
Region | Lakhish |
Distrikt | Det sørlege distriktet |
Koordinatar | |
Folketal | 303 (2008) [1] |
Grunnlagd | 1955–1957 |
- Grunnlagd av | Hashomer Hatzair |
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla |
Wikimedia Commons: Beit Nir | |
Beit Nir (hebraisk skrift בֵּית נִיר, tyder Nirhuset) er ein kibbutz nær Lakhish i Israel. Han høyrer til Yoav regionale kommune og er eit medlem av Kibbutzrørsla. Han har kring 115 medlemmar.
Beit Nir vart grunnlagd i august 1957 av ei rekkje nybyggjarar frå Hashomer Hatzair. Beit Nir ligg på landområdet til den palestinske landsbyen Kudna, som vart avfolka i 1948.[2] Namnet «Beit Nir» er ei omsetjing av namnet til dr. Bundheimer, ein leiar for sionisme i Tyskland.
Hovudnæringa til kibbutzen er jordbruk og produksjon av mineralvatn og smykke.
Kibbutzen vart slått saman med Gat til føretaket «Ganir», som produserer juice for eksport og sal i Israel. I Israel vert juicane selde under merkenamnet Primor (פרימור).
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Beit Nir» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Khalidi, Walid (1992), All That Remains, Washington D.C.: Institute for Palestine Studies, ISBN 0-88728-224-5
- ↑ «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2008. Henta 8. april 2015.
- ↑ Khalidi, 1992, s. 218