Yoav regionale kommune
Yoav regionale kommune | |||
regional kommune | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
Koordinatar | |||
Areal | 230 km² | ||
Folketal | 5 300 | ||
![]() Yoav regionale kommune | |||
Wikimedia Commons: Yoav regional council | |||
Yoav regionale kommune (hebraisk skrift מועצה אזורית יואב, Mo'atza Azorit Yoav) er ein regional kommune i Det sørlege distriktet i Israel. Han ligg nær byane Kiryat Gat, Kiryat Malakhi og Ashkelon. Han vart grunnlagd i 1952 og dekkjer eit område på 230 km2 og har kring 5 300 innbyggjarar.
Kommunen er kalla opp etter Yitzhak Dubnov, som hadde kallenamnet «Yoav». Han fall i kampar ved Negba i den israelske sjølvstendekrigen. Operasjon Yoav og Metzudat Yoav, som ligg i kommunen, er òg kalla opp etter han.
Kommunen består av to delar som ikkje heng geografisk saman. Hovuddelen grensar i nord til Nahal Sorek regionale kommune, i vest til Be'er Tuvia regionale kommune og Shafir regionale kommune, i sør til Lakhish regionale kommune og Kiryat Gat, og i aust til Matte Yehuda regionale kommune. Den vestlege delen av kommunen, som omfattar kibbutzane Negba og Sde Yoav, grensar i nord og aust til Shafir regionale kommune, i vest til Hof Ashkelon regionale kommune, og i vest til Lakhish regionale kommune.
Busetnader[endre | endre wikiteksten]
Kommunen består av åtte kibbutzar, tre moshavar, ein ungdomslandsby, ein fellesbusetnad og ein arabisk landsby.
Kibbutzar[endre | endre wikiteksten]
Moshavar[endre | endre wikiteksten]
Ungdomslandsby[endre | endre wikiteksten]
Fellesbusetnad[endre | endre wikiteksten]
Arabisk landsby[endre | endre wikiteksten]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Yoav Regional Council» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Offisiell nettstad (en) (he)