Belgisk Kongo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
  • Congo belge (fransk)
  • Belgisch-Congo (nederlandsk)

Belgisk Kongo
Belgisk koloni
Blank.png
1908–1960 Blank.png
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Nasjonalsong
La Brabançonne
Plasseringa til {{{kortnamn}}}
Hovudstad Boma (1908–1923)
Léopoldville (1923–1960)
Språk
Religion Katolisisme (de facto)[4]
Poltisk struktur Koloni (belgisk monarki)
Konge
 - 1908–1909 Leopold II
 - 1909–1934 Albert I
 - 1934–1951 Leopold III
 - 1951–1960 Baudouin I
Guvernør-general
 - 1908–1912 Théophile Wahis (fyrste)
 - 1958–1960 Hendrik Cornelis (siste)
Historie
 - Annektert av Belgia]] 15. november 1908
 - Erklærte sjølvstende 30. juni 1960
Innbyggjarar
 -  est. 16,610,000 
Valuta Belgisk kongofranc
I dag ein del av Den demokratiske republikken Kongo

Belgisk Kongo var ein belgisk koloni i Sentral-Afrika frå 1908 til 1960. Kolonien blei overteken av den belgiske staten den 15. november 1908[5] frå kong Leopold II av Belgia, som hadde hatt personeig herredøme over han i åra 1885-1908 under namnet Fristaten Kongo eller Kongostaten. Etter sjølvstendet 30. juni 1960 fekk området namnet Kongo, seinare Zaire og så Den demokratiske republikken Kongo eller Kongo-Kinshasa. Den mineralrike provinsen Katanga blei under kolonitida i stor del administrert av gruveføretaket Union Minière du Haut Katanga.

Landet omfatta størstedelen av Kongobekkenet med ei flatevidd på 2 345 000 km².

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skipinga av Belgisk Kongo[endre | endre wikiteksten]

Leopold II av Belgia hadde føregangaren Fristaten Kongo som personleg eigedom. 1906 blei det skandale i Belgia då ei parlamentarisk utgreiing skulda kongen for å ha vanstyrt Kongo. Det viste seg at rovdrifta til kongen på naturresursar i Kongo, særleg naturgummi og elfenbein, hadde ført til ein kraftig nedgang av befolkninga i landet. Diamantar hadde då enno ikkje blitt oppdaga i Kongo. I 1908 overtok den belgiske staten styret av Kongo etter ei avgjerd av det belgiske parlamentet og ikkje minst press frå andre land. Det nye styret blei danna frå koloniministeren og koloniråd (Conseil Colonial) i Belgia med sete i Brussel. Den lovgjevande makta over Belgiske Kongo låg hjå det belgiske parlamentet. Den høgaste representanten for Belgia i Kongo var generalguvernøren.

1908–1945[endre | endre wikiteksten]

Biletet av afrikanarar i Belgia i mellokrigstida var ofte at dei fungerte som tenarar for europearar. Her på eit postkort frå Belgisk Kongo frå tidleg 1930-tal.

Etter at den belgiske staten hadde overteke styret fortsette rovdrifta med plantasjar og gruver. Kongo var dominert av dei mektige konsesjonsselskapa, hovudsakeleg Société Générale som blei skipa i 1928 og Union Minière du Haut Katanga skipa i 1906. Dei store selskapa heldt på den politiske og økonomiske makta si fram til 1960-talet. I 1933 mista den føretaksstyrte provinsen Katanga sjølvstyret.

Under første verdskrigen kjempa belgiske troppar mot Tyskland og okkuperte Rwanda-Urundi (dagens Rwanda og Burundi). Etter krigen mista Tyskland koloniane sine og Rwanda og Urundi blei etterkvart innlemma i det belgiske styret over Kongo. I 1946 blei området skilt ut att frå embetsverket i Kongo og i 1962 blei det sjølvstendig. 1926 forbaud kolonialmakta alle afrikanske organisasjonar, òg religiøse. Same året blei embetsverket flytt til Léopoldville (no Kinshasa).

Under andre verdskrigen kom Belgisk Kongo å få ei viktig strategisk rolle som leverandør av råvarer til dei allierte, mellom anna blei det henta ut uran her til det amerikanske atombombeprogrammet. Dette førte til ein økonomisk boom. Kongolesarane fekk grunnleggjande utdanning og medisinsk tilbod, men blei ikkje tillatne å ta del i det belgiske embetsverket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Self-Access Centre Database». resources.clie.ucl.ac.uk. 
  2. République démocratique du Congo Arkivert 27 November 2012 ved Wayback Machine., Université Laval, Canada
  3. Vlamingen en Afrikanen—Vlamingen in Centraal Afrika Arkivert 11 July 2016 ved Wayback Machine., Faculteit Sociale Wetenschappen, KU Leuven, Belgium
  4. Kasongo, Michael (1998). History of the Methodist Church in the Central Congo. University Press of America. ISBN 9780761808824. 
  5. «World Statesmen». Henta 8 augusti 2011.