Staraja Ladoga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kyrkje i Staraja Ladoga. Bilete frå 1909 av Sergej Prokudin-Gorskij
Festninga var bygd på 1100-talet og restaurert 400 år etterpå.

Staraja Ladoga (russisk Ста́рая Ла́дога, 'Gamle Ladoga') er ein liten landsby i Volkhov kommune i Leningrad oblast i Russland. Landsbyen ligg ved Volkhovelva, rett sør for innsjøen Ladoga og er den eldste byen i Russland[1].

Soge[endre | endre wikiteksten]

Gravhaugar frå vikingtida ved Volkhovelva.
Staraja Ladoga i 1911.

Staden er kjend for å vere den eldste kimen til den russiske staten, med andre ord staden der den russiske staten blei fødd. Hovudkjelda til den aller eldste russiske historie fortel at den skandinaviske vikinghovdingen Rurik slo seg ned i Staraja Ladoga i året 862 etter at slaviske og finske stammer hadde invitert vikingane «frå den andre sida av havet (Austersjøen) til å kome og herske over dei. Det var i denne samanhengen at dei slaviske og finske stammene skal ha sagt om det store landet i aust at «(det) er stort og rikt, men her er ikkje orden. Kom difor og hersk over oss!». Då Rurik etablerte det lille hovdingriket sitt i Staraja Ladoga, var det fleire andre hovdingrike i den nordlege delen av det som sidan blei til Russland, men det blei riket til Rurik som kom til å vekse, særleg etter at etterfølgjarane hans erobra byen Kiev.

Byen er nemnt fleire stader i dei nordiske sagaene og heiter der Aldeigjuborg. Av sagaen til mellom anna Olav den heilage går det fram at byen var viktig også på 1000-talet.

Byen i dag[endre | endre wikiteksten]

I dag er Staraja Ladoga ein liten russisk landsby med ei hovudgate omkransa av gamle trehus. Denne gata heiter Vikinggata. Dei eldste delane av festninga som ligg ved elva er frå 1400-talet, men er truleg bygd på staden der den aller eldste festninga i Staraja Ladoga ein gong stod. Rundt festninga finn ein i dag kratt og høgt gras, og det er mest sannsynleg her noko av den aller eldste bosettinga har lege. Berre små delar av staden er kartlagt av arkeologar, men sjølv desse avgrensa undersøkingane har avdekt interessante funn frå tidleg vikingtid og som er prov på at skandinavar verkeleg har budd på staden.

Staraja Ladoga har eit lite museum som syner gjenstandar som er funne under dei arkeologiske utgravingane. Store delar av det som er funne, er innlemma i samlingane i Eremitasjen i St. Petersburg. Landsbyen har også fleire gamle kyrkjer som no blir restaurerte.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Veg A115, som går gjennom byen, fører til Novaja Ladoga, Volkhov, Kirisji og Zuevo (Зуево). Ein kan reisa til Volkhov med buss nr 23 og 23A.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. History, Северные крепости (Festningar i nord) (vitja 19/7-2009)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Staraja Ladoga