Berbice-nederlandsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berbice-nederlandsk
Klassifisering: Kreolspråk
 Nederlandske kreolspråk
Bruk
Utdøydd: I 2005 då den siste talaren døydde[1]
Språkkodar
ISO 639-3: brc
Glottolog: berb1259

Berbice-nederlandsk er eit nyleg utdøydd kreolspråk som vart brukt i kystområda av Guyana. Som negerhollandsk og skepi er berbice-nederlandsk ikkje basert på den nederlandske dialekten hollandsk, men på zeeuws. Ordforrådet til språket er dels basert på det vest-afrikanske språket ijaw. Berbice-nederlandskspråklige og skepi-språklege kunne ikkje forstå kvarandre.

Etter at engelsk Guyana vart erobra av dei sameinte Nederlandene i 1664 og området offisielt vart overdrege til nederlendarame av engelskmennene i byte for Nieuw-Amsterdam, kom Berbiceregionen under nederlandsk innverknad. Plantasjar kom i eige av menneske frå Zeeland, og språket til slavane deira vart merkt av dette. Dette språket vart verande i bruk etter at området vart overdrege til britane i 1815. Så seint som i 1993 var det framleis rundt fem menneske som snakka berbice-nederlandsk sjølv om andre kjelder rapporterer titalls brukarar.[2] I kva grad desse framleis lever er ikkje stadfesta.

Berbice-nederlandsk er på mange måtar unikt, og gjev kunnskap om korleis kreolspråka vart til. Desse språka oppstod blant anna som følgje av den atlantiske slavehandelen. Berbice-nederlandsk er det einaste kreolspråket som har halde på så mange ord frå eit enkelt afrikansk språk (ijaw, frå Niger-deltaet) at det var mogleg å fastslå kor slavane vart henta frå, og dermed gje etterkommarane deira noko av historia deira, identiteten og herkomsten attende.

Dokumentasjon av språket[endre | endre wikiteksten]

Språket vart mellom 1986 og 1990 dokumentert av Silvia Kouwenberg, ho fann ho med mye møye elleve personar i dei meste fjerne delene av regnskogen som framleis kunne hugsa og snakka det. Dei eldste berbice-nederlandsktalende var då Hennie Hartman (fødd 1895 ?, død 1990) og Alberta Klokke (fødd 1903), medan den yngste var Hilda Adolph (fødd 1923), som rett nok ikkje beherska språket flytande lengre. I løpet av forskinga lærte òg Silvia Kouwenberg språket, fordi dette var den einaste måten ho kunne få dei siste menneska som beherska språket til å bruka det. Di verre døydde viktige personar som kjende mange gamle eventyr og historier medan ho forska på språket.

Døme på berbice-nederlandsk[endre | endre wikiteksten]

  • O glof bi di tau kán bitjo.
Norsk: Han trudde at slangen kunne bita han.
  • Watsa ju bringgite?
Norsk: Kva har du med deg?
  • An ein kuliman wa yen dang, hab shi korimanyap.
Norsk: Og ein indisk mann hadde vore der, han hadde mange arbeidarar.
  • Eke ore drokodroko-drokodroke!
Norsk: Eg er heilt døv!

I setningane over er einskilde ord gjenkjennelige som opphavleg nederlandske (zeeuwske). Døme er glofgeloof – trur, kán – kan – kan, juje – du, ekeik – eg, oreoren – ører.

Lydlære[endre | endre wikiteksten]

Vokalar[endre | endre wikiteksten]

Fremre Bakre
Lukka i u
Halvåpen e o
ɛ
Open a

Vokalane har ein stor grad av fri variasjon, der fleire fonem kan ha sammenfallende allofonar.

//e// og //ɛ// har nesten komplementær distribusjon, og var truleg allofonar i eit tidlegare stadium.

Konsonantar[endre | endre wikiteksten]

Bilabial Labiodental Alveolær Postalveolær Velar Glottal
Plosiv Ustemt p t k
Røysta b d a
Nasal m n
Frikativ Ustemt f s (ʃ) h
Røysta (v) (z)
Approksimant Sentral ɹ
Lateral l

[ʃ] har vanlegv/i/s komplementær distribusjon med [s] og førekjem berre før /i/, men nokre unntak finst.

//v// og //z// førekjem berre i ord lånt frå guyansk kreolsk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "Berbice Dutch officially extinct". Radio Netherlands Worldwide. February 25, 2010. Retrieved February 22, 2015
  2. Kouwenberg: p. 233.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Silvia Kouwenberg: A Grammar of Berbice Dutch Creole (693 sider), 1994, Berlin, New York: Mouton de Gruyter