Berekvam stasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berekvam stasjon

Tog i spor 2 ved Berekvam stasjon
Foto: Karen
Stasjonsområde
Stad Berekvam
Koordinatar 60°47′18″N 7°5′44″EKoordinatar: 60°47′18″N 7°5′44″E
Distanse 346,31 km frå Oslo
Høgd 343 moh.
Opna 1.august 1940
Linjer og rutedrift
Linje(r) Flåmsbana
Overgang
Kart
Berekvam stasjon

Berekvam stasjon ligg på Berekvam i Flåmsdalen i Aurland kommune, og er ein stasjon på Flåmsbana. Stasjonen vart opna 1. august 1940 då det vart starta opp med mellombels godstrafikk på bana.[1] Bana har to spor ved Berekvam og det er her toga kryssar kvarandre på sommaren når det er tog i begge retningar på bana samstundes. Stasjonen er manna av Jernbaneverket i sommarsesongen for togkryssing. Sjølv om det er to spor er det berre plattform ved det eine, og om sommaren er det difor berre råd å gå av og på toget ved Berekvam for tog i spor 1, det vil seie alle toga mot Flåm, og det fyrste og det siste toget mot Myrdal.[1]

Berekvam stasjon ligg på 343 moh, 10,51 kilometer frå Myrdal stasjon og 9,69 kilometer frå Flåm stasjon.[2] For reisande frå Myrdal er Blomheller førre haldeplass og Dalsbotn neste.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Teiknforklaring
0,00 km Flåm 2 moh
1,60 km Lunden 16 moh
2,99 km Håreina 48 moh
6,30 km Dalsbotn 200 moh
9,69 km Berekvam 343 moh
11,80 km Blomheller 458 moh
15,80 km Kjosfossen 670 moh
18,00 km Reinunga 767 moh
19,07 km Vatnahalsen 811 moh
20,20 km Myrdal 866 moh
Bergensbanen