Reinunga haldeplass

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Reinunga haldeplass

Flåmsbana 1.jpg

Stasjonsområde
Stad Reinunga
Koordinatar 60°44′38″N 7°8′20″EKoordinatar: 60°44′38″N 7°8′20″E
Distanse 338,00 km. frå Oslo
Høgd 767,0 moh.
Opna 1942
Linjer og rutedrift
Linje(r) Flåmsbana
Overgang
Reinunga haldeplass

Reinunga haldeplass ligg i nærleiken av der Kjosfossen stuper ned i Flåmsdalen frå Reinungavatnet i Aurland kommune, og er ein haldeplass på Flåmsbana. Haldeplassen vart opna i 1942 då det vart starta ordinær persontrafikk på bana.[1] Det er ein del hytter ved Reinungavatnet, og reisande til og frå dei har nytte av haldeplassen. Reinunga ligg på 767 moh, 2,20 kilometers køyring frå Myrdal stasjon og 18,00 kilometer frå Flåm stasjon.[2] Som reisande frå Myrdal er Vatnahalsen haldeplass førre stasjon og Kjosfossen haldeplass neste. I luftline ligg haldeplassen berre vel 400 meter frå Kjosfossen haldeplass, men køyrelengda mellom dei to er 2,20 kilometer for å klare høgdeforskjelen på 97 meter.

Sporet går i ei stor u-forma slynge mellom Vatnahalsen haldeplass og Reinunga.
Skinnegangen i nærleiken av Reinunga haldeplass. I bakgrunnen ser ein hytter ved Reinungavatnet og demninga i enden av vatnet.
Foto: Jun Kwang Han

Haldeplassen heitte fram til 1977 Kjosfoss, men namnet vart då bytt til Reinunga samstundes med at neste haldeplass mot Flåm bytte namn frå Kjosfossen kraftstasjon til Kjosfossen.[3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Teiknforklaring
BSicon KBHFa.svg 0,00 km Flåm 2 moh
BSicon HST.svg 1,60 km Lunden 16 moh
BSicon HST.svg 2,99 km Håreina 48 moh
BSicon HST.svg 6,30 km Dalsbotn 200 moh
BSicon BHF.svg 9,69 km Berekvam 343 moh
BSicon HST.svg 11,80 km Blomheller 458 moh
BSicon HST.svg 15,80 km Kjosfossen 670 moh
BSicon HST.svg 18,00 km Reinunga 767 moh
BSicon HST.svg 19,07 km Vatnahalsen 811 moh
BSicon BHF.svg 20,20 km Myrdal 866 moh
BSicon LSTR.svg Bergensbanen