Berg kyrkje i Trondheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 63°25′21.068″N 10°25′30.292″E

Berg arbeidskyrkje
kyrkje
none  Berg arbeidskyrkjeFoto: Jan-Tore Egge
Berg arbeidskyrkje
Foto: Jan-Tore Egge
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Strinda
Sokn Strinda
Fellesråd Trondheim
Stad Strinda i Trondheim
Type Langkyrkje
Arkitekt Tycho Castberg
Teknikk Mur
Innvigd 19. mars 1972[1]
 - Endringar Utvida i 1981
Orgel Frå Ryde & Berg Orgelbyggeri
Sitjeplassar 250
Wikimedia Commons: Berg arbeidskirke (Trondheim)

Berg arbeidskyrkje er ei langkyrkje frå 1972 i Trondheim kommune, Sør-Trøndelag fylke. Ho ligg i Strinda sokn, Strinda prosti i Nidaros bispedømme.

Berg kyrkje i Trondheim is located in Sør-Trøndelag
Plasseringa til Berg kyrkje i Trondheim
Kyrkja frå lufta

Byggverket er i mur og har 250 sitjeplassar.[2] Arkitekt for kyrkja var Tycho Castberg.[1]

Store delar av indre utsmykking er laga av friviljuge i kyrkja. Det gjeld mellom anna altartavla.[1] Tavla - «Bønn» - har motivet menneske som ber rundt krossen og er eit altarteppe av Dagfrid Johnsen frå 1971.[3]

Både preikestolen og døypefonten er i tre og frå 1987. Opphaveleg hadde kyrkja eit mekanisk sløyfeladeorgel frå Norsk Orgel- og Harmoniumfabrikk frå 1962.[3] I 2004 fekk ho nytt orgel med 9 stemmer og 2 manualar frå Ryde & Berg Orgelbyggeri.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Historien til Berg kirke
  2. Berg kirke Trondheim frå Kyrkjesøk
  3. 3,0 3,1 Alf Henry Rasmussen (red., 1993) «Berg arbeidskirke» – i: Våre kirker. Norsk kirkeleksikon, s. 261 – Vanebo forlag, Kirkenær. ISBN 82-7527-022-7.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]