Hoeggen kyrkje
Utsjånad
Hoeggen kyrkje | |||
Hoeggen church | |||
Hoeggen kyrkje
Foto: TMHetland | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Nidaros | ||
Prosti | Strinda | ||
Sokn | Hoeggen | ||
Fellesråd | Trondheim | ||
Innvigd | 12. oktober 1997 | ||
Kyrkjegard | ingen | ||
![]() Hoeggen kyrkje 63°23′52″N 10°25′47″E / 63.3979°N 10.4296°E | |||
Wikimedia Commons: Hoeggen church |
Hoeggen kyrkje eller Hoeggenkyrkja er ei kyrkje frå 1997 på Hoeggen i Lerkendal bydel i Trondheim, Sør-Trøndelag fylke. Kyrkja vart bygd til byjubileet i 1997 og vart vigsla 12. oktober det året. Kyrkja har inge kyrkjegard.
Tidlegare var det ikkje kyrkje på Hoeggen og dei som sokna til kyrkja gjekk til Strinda kyrkje.
Kyrkjebygget
[endre | endre wikiteksten]Kyrkja er teikna av Arkitektkontoret Madsø & Sveen i Trondheim, som òg har teikna Herøy kyrkje på Sunnmøre og Grymyr kyrkje på Hadeland.
Inventar
[endre | endre wikiteksten]Alterbildet er ein fargerik glassmosaikk laga av Synva Tufte frå Horten, som vann ein idékonkurranse om alterbildet. Pipeorgelet er på 17 stemmer og har ein romantisk klang og er slik eit godt tilskott til orgellandskapet i Trondheim.