Bratsberg kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 63°20′50.896″N 10°28′52.295″E

Bratsberg kyrkje
kyrkje
Bratsberg kirke.JPG
Foto: Einar Hjellen
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Strinda
Sokn Bratsberg
Fellesråd Trondheim
Type Krosskyrkje
Arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow
og Ole Henriksen
Teknikk Tømra
Material Tre
Innvigd 1850
 - Endringar Påbygg i 1905 og restaurert i 1972[1] og 2016[2]
Sitjeplassar 450
Wikimedia Commons: Bratsberg kirke

Bratsberg kyrkje er ei krosskyrkje frå 1850 i Trondheim kommune, Sør-Trøndelag fylke. Ho ligg i Bratsberg sokn, Strinda prosti i Nidaros bispedømme. Byggverket er i tømmer og har 450 sitjeplassar. Kyrkja er reist av Ole Henriksen etter typeteikningar av Hans Ditlev Franciscus von Linstow.[3]

Tidlegare kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Noverande kyrkje vart reist på Kvål, gnr. 121, rundt 1.5 km nordaust for den gamle kyrkjetomta. Fram til da hadde kyrkja stått på Bratsberg gamle kyrkjestad.[4]

Den fyrste kyrkja på den gamle kyrkjestaden har troleg vore ei stavkyrkje. Ho vart riven kort tid før 1663. Da blei det reist en ny kyrkje på staden, med Y-forma grunnplan. I 1845 ansåg ein at kyrkja var i dårleg stand og at ho låg usentralt til.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Alf Henry Rasmussen (red.): Våre kirker - norsk kirkeleksikon, Vanebo forlag 1993, side 262, ISBN 82-75-27022-7
  2. Trondheim kyrkjelege fellesråd
  3. Bratsberg kirke frå Kyrkjesøk
  4. Bratsberg kyrkjestad frå Kulturminnesøk / Riksantikvaren
  5. Bratsberg gamle kyrkjestad frå Kulturminnesøk / Riksantikvaren

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]