Bernt Lynge
Utsjånad
| Bernt Lynge | |||
| | |||
| Fødd | 9. juli 1884 Lyngør | ||
|---|---|---|---|
| Død | 28. januar 1942 | ||
| Nasjonalitet | Noreg | ||
| Yrke | botanikar, forfattar, universitetslærar | ||
| Institusjonar | Universitetet i Oslo | ||
| Barn | Hanne Krafft Melvær | ||
| Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi | ||
Bernt Arne Lynge (9. juli 1884–28. januar 1942) var ein norsk botanikar som var professor ved Universitetet i Oslo. Han var ein av verdas fremste kjennarar av lav.
Far til Lynge var kjøpmann i Lyngør. Sjølv vart han cand.real. frå universitetet i Kristiania i 1909. Allereie frå 1906 var han assistent i Botanisk hage i Oslo og i 1915 konservator ved Botanisk museum i Oslo, som akkurat hadde flytta til nye lokale i bydelen Tøyen.
År 1917 tok Lynge doktorgraden og frå august 1918 var han dosent i systematisk botanikk ved universitetet. I 1921 deltok han i Holtedahl-ekspedisjonen til Novaja Semlja. Våren 1935 vart Lynge utnemnd til professor i botanikk.
Lynge var med i Det Norske Videnskaps-Akademi og medlem i Tromsø Museum.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957