Beverley Martyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beverley Martyn
Fødd24. mars 1947 (77 år)[1]
FødestadCoventry i England
FødenamnBeverley Kutner
OpphavStorbritannia
AktivSidan 1965
SjangerFolk, folkrock
Instrumentvokal
Tilknytte artistarJohn Martyn
PlateselskapIsland Records
Voiceprint Records
Verka somSongar, låtskrivar, gitarist
Gift medJohn Martyn

Beverley Martyn (fødd 24. mars 1947 som Beverley Kutner) er ein engelsk songar, låtskrivar og gitarist.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

16 år gammal spelte ho inn den første singelen sin, «Babe I'm Leaving You», som kom ut på Parlophone i 1965. Martyn fekk så kontrakt med Deram Records. I 1966 gav ho ut ein singel, «Happy New Year» (der ho vart akkompagnert av Jimmy Page, John Paul Jones, Nicky Hopkins og Andy White. Ho gav ut fleire singlar og vart involert i visemiljøet i London. Her møtte ho Paul Simon som inviterte ho til New York. Der ho bidrog ho på Simon & Garfunkel-albumet Bookends på songen «Fakin' It».

I 1969 møtte ho John Martyn, som ho etter kort tid gifta seg med. Som ein duett gav dei ut to album i lag, Stormbringer! og The Road to Ruin.[2] Etter The Road to Ruin overtydde Island John Martyn om å halde fram solokarrieren sin, sidan det vart blitt større interesse for visesongarar på denne tida.[3] Sjølv om brukte meir tida med borna deira, bidrog Martyn på soloprosjekta til mannen fram til ekteskapet tok slutt. Paret vart skilde under innspelinga av John Martyn-albumet Grace and Danger i 1980 og ho trekte seg attende frå musikken i mange år.

I 1990-åra vart ho invitert med på ein europeisk turne med Loudon Wainwright III . I 1998 starta ho opp att platekarrieren sin med albumet No Frills.

I 2004 vart songen Martyn, «Primrose Hill», som ho skreiv og song på Road To Ruin, sampla av Fat Boy Slim for songen «North West Three» i 2004 på albumet hans Palookaville.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Singlar[endre | endre wikiteksten]

  • «Babe, I'm Leaving You» (McGann) / «Wild About My Lovin'» (Trad. Arr. Joyce) (Juni 1965 med The Levee Breakers)
  • «Happy New Year» (Newman) / «Where The Good Times Are» (Martyn) (September 1966 som «Beverley»)
  • «Picking Up The Sunshine» / «Gin House» (1966 som «Beverley»; ikkje utgjeven)
  • «Museum» (Leitch) / «A Quick One For Sanity» (by «D. Cordell Tea Time Ensemble») (Juli 1967 som «Beverley»)

Album[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sweet Honesty - The Beverley Martyn Story; published 7. januar 2011, henta 4. april 2019
  2. Harris, Craig. «Biography: Beverley Martyn». Allmusic. Henta 26. april 2010. 
  3. John Martyn: gitarist and singer. The Times, 30. januar 2009, p. 75, «Obituaries».