Nicky Hopkins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Nicky Hopkins

Fødd24. februar 1944
FødestadStor-London
Død7. september 1994 (50 år)
DødsstadNashville
OpphavHarlesden, London
Aktiv1960-åra – 1985
SjangerRock
InstrumentTangentinstrument (piano, orgel, cembalo, mellotron)
Tilknytte artistarThe Rolling Stones, The Who, The Beatles, Jeff Beck, Neil Young, Jefferson Airplane, The Kinks, Quicksilver Messenger Service, Jerry Garcia Band, Mark-Almond Band, Sweet Thursday
PlateselskapFontana
Verka somStudiomusikar

Nicholas Christian «Nicky» Hopkins (24. februar 19446. september 1994) var ein engelsk pianist og organist.

Han spelte med mange av dei viktigaste britiske og amerikanske musikkgruppene på 1960- og 1970-talet, og vert ofte trekt fram som ein av dei viktigaste studiomusikarane i rockehistoria.

Han vart fødd i London. Han leid av Crohns sjukdom frå han var ung, og dårleg helse hindra han frå å turnere då han vart eldre. Dette var medverkande til at han hovudsakleg fokuserte på å jobbe som studiomusikar.

Hopkins starta musikkarrieren sin tidleg i 1960-åra som pianist for Screaming Lord Sutch's Savages, der òg Ritchie Blackmore, grunnleggjaren av Deep Purple, spelte. Seinare vart han med The Cyril Davies R&B All Stars, eit av dei første britiske rhythm & blues-banda, og spelte piano på den første singelen deira, «Country Line Special».[1]

Han starta karrieren som studiomusikar i London tidleg i 60-åra og vart raskt ein av dei mest nytta pianistane her. Han arbeidde mykje som studiopianist for dei førande britiske, sjølvstendige produsentane Shel Talmy og Mickie Most, og spelte på albuma og singlane til The Kinks, Alun Davies og Jon Mark (seinare i Mark-Almond Band), medan Davies turnerte med Cat Stevens, Donovan og The Rolling Stones. Det største bidraget hans til rockehistoria var truleg det han gjorde med The Rolling Stones. Han spelte på albuma Between the Buttons, Their Satanic Majesties Request, Beggars Banquet og Let It Bleed.

I 1965 spelte han piano på debutalbumet til The Who, My Generation. Han spelte med dei fleste største britiske artistane i 60-åra, mellom andre The Beatles, The Rolling Stones, The Who og The Kinks, samt soloalbum av John Lennon, Jeff Beck og andre. Han var med på å definere «San Francisco-stilen», og spelte på albuma til Jefferson Airplane, New Riders of the Purple Sage og Steve Miller Band. Han var ei kort stund medlem av Quicksilver Messenger Service og spelte med Jefferson Airplane på Woodstockfestivalen.[2]

I 1967 vart han med i The Jeff Beck Group, skipa av tidlegare Yardbirds-gitarist Jeff Beck, med vokalist Rod Stewart, bassist Ronnie Wood og trommis Micky Waller,[3]. I 1968 spelte han òg påiano med den svenske psykedeliske gruppa The Tages på singelen «Halcyon Days», produsert i Abbey Road Studio.

Solokarriere[endre | endre wikiteksten]

I 1969 vart Hopkins medlem av det kortvarige Sweet Thursday. Bandet gav ut eitt album. Han spelte med the Rolling Stones på konsertane deira frå 1971 til 1973. I denne perioden starta han sitt eige band, men gav seg raskt med tanken. Dårleg helse gjorde at han ikkje kunne halde fram turnelivet med the Stones, men han klarte ein kort turne med Jerry Garcia Band hausten 1975.[4] Han spelte på platene til the Stones fram til 1980, og på soloplater til Stones-medlemmer fram til 1991.

Hopkins gav ut det andre soloalbumet sitt i 1973, kalla The Tin Man Was a Dreamer. I 1975 kom albumet No More Changes og seinare spelte han inn albumet Long Journey Home, som aldri vart gjeve ut.

Som studiomusikar var Hopkins kjend for å ta songane med lite eller inga øving, og for at han alltid las teikneseriar under innspelingane. Den klassiske Kinks-songen «Session Man» frå Face to Face er tileigna Hopkins. The Kinks-frontmann Ray Davies skreiv nokre minneord i New York Times då Hopkins døydde.

Hopkins døydde 50 år gammal i Nashville i Tennessee av komplikasjonar etter ein mageoperasjon.

Utval av bidrag[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Vladimir Bodganov; et al. (2003). All Music Guide to the Blues (3. utg.). Backbeat Books. s. 140. ISBN 0879307366. 
  2. Craig Fenton (22. november 2006). Take Me to a Circus Tent: The Jefferson Airplane Flight Manual. Infinity Publishing. s. 155-56. ISBN 0741436566. 
  3. Hoffmann, Frank W. (ed.) (rev. 2005). Encyclopedia of Recorded Sound, s. 83. CRC Press. ISBN 0-415-93835-X.
  4. Jackson, Blair (2000). Garcia: An American Life, s. 269-70. Penguin. ISBN 0-14-029199-7.
  5. Matt Kent and Andy Neill, liner notes to The Who--The Ultimate Collection, s. 4, (MCA Records, 2002)
  6. Leng, Simon (2006). While My Guitar Gently Weeps: The Music of George Harrison, s. 126. Hal Leonard Corporation. ISBN 1-4234-0609-5.