John Paul Jones

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Paul Jones
John Paul Jones - 2010.jpg
John Paul Jones i 2010
Verkeleg namn John Baldwin
Alias John Paul Jones
Fødd 3. januar 1946 (68 år)
Sidcup, Kent, England
Instrument bassgitar, orgel, elektrisk piano, harpe, clavinet, mellotron, klaverinstrument, mandolin, gitar, blokkfløyte, koto, lapsteelgitar, continuum, autoharpe, ukulele, sitar, keytar, banjo, cello, fiolin
Sjanger Hardrock, heavy metal, bluesrock, folkrock, instrumental rock, alternativ rock
Aktive år 1960 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, arrangør
Tilknytte artistar Led Zeppelin, Donovan, Foo Fighters, Butthole Surfers, Them Crooked Vultures
Plateselskap Discipline Global Mobile, Atlantic, Swan Song
Nettstad www.johnpauljones.com
Kjende instrument
Fender Jazz Bass
Hammond orgel
Rhodes piano
Alembic

John Paul Jones (fødd John Baldwin3. januar 1946) er ein engelsk multi-instrumentalist, låtskrivar, arrangør og plateprodusent. Han er mest kjend for tida då han spela bass, mandolin og klaverinstrument for de engelske rockebandet Led Zeppelin. Jones har sidan utvikla ein solokarriere og fått stor ry som både musikar og produsent.[1] Jones er ein allsidig musikar og spelar òg gitar, koto, lapsteelgitar, autoharpe, fiolin, ukulele, sitar, cello, continuum og blokkfløytene ein kan høyre på Led Zeppelin sin «Stairway to Heaven».[2]

I følgje Allmusic har Jones «etterlate merket sitt på rock & roll-historia som ein innovativ musikar, arrangør og regissør.»[1] Mange kjende rockebassistar er påverka av John Paul Jones, som John Deacon,[3] Geddy Lee,[4] Steve Harris,[5] Flea,[6] Gene Simmons,[7] og Krist Novoselic.[8]

Jones er i dag medlem av supergruppa Them Crooked Vultures med Josh Homme (Queens of the Stone Age/Kyuss/Eagles of Death Metal) og Dave Grohl (Nirvana/Foo Fighters). Han spelar, bass, piano og andre instrument. Supergruppa gav ut debutalbumet sitt i november 2009.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Jones vart fødd i Sidcup i Kent (i dag ein del av Stor-London).[9] Han starta å spele piano då han var seks år gammal,[10] og lærte dette av faren Joe Baldwin, som var pianist og arrangør for storband i 1940- og 1950-åra, mellom anna the Ambrose Orchestra. Mor hans var òg musikar og heile familien brukte å reise rundt i England.[11] Han var inspirert av alt frå bluesen til Big Bill Broonzy, jazzen til Charles Mingus til det klassiske pianoet til Sergei Rachmaninoff.[12]

Sidan foreldra ofte reiste, vart Jones sendt på kostskule i ung alder.[13] Han studerte formelt musikk ved Christ's College i Blackheath i London. 14 år gammal vart Jones kormeister og organist i ei lokal kyrkje og i løpet av året kjøpte han seg den første bassgitaren sin. Den flytande spelinga til musikaren Phil Upchurch på hans You Can't Sit Down, som inneheld ein minneverdig bassolo, er omtalt av Jones som ein av inspirasjonskjeldene hans for å byrje å spele bass.[14]

Studiomusikar[endre | endre wikiteksten]

Jones spela i det første bandet sitt, The Deltas, då han var 15. Han såela så bass for jazzrock gruppa Jett Blacks i London, med mellmo anna gitarist John McLaughlin.[15] Gjennombrotet til Jones kom i 1962 då han vart teken inn av Jet Harris og Tony Meehan frå det suksessrike britiske bandet The Shadows for ein toårsperiode. Kort tid før dei hyrte Jones, hadde Harris og Meehan hatt ein førsteplass med «Diamonds» (der seinare bandkamerat Jimmy Page spelte gitar.) Samarbeidet til Jones med the Shadows hindra nesten den framtidige danninga av Led Zeppelin, då det var snakk om at Jones skulle erstatte bassisten deira Brian Locking, som hadde slutta i bandet i oktober 1963. Dei valte til slutt John Rostill i staden for.

I 1964, etter anbefaling frå Meehan, byrja Jones som studiomusikar for Decca Records. Frå då og fram til 1968 spela han på hundrevis av innspelingar.[16] I studio spela han snart klaverinstrument, arrangerte og tok leiinga i studio, noko som førte til at han vart ein ettertrakta musikar. Han arbeidde med mange artistar, som the Rolling StonesTheir Satanic Majesties Request (ein kan høyre strykearrangementet til Jones på «She's A Rainbow»);[17] Herman's Hermits; Donovan (på «Sunshine Superman» og «Mellow Yellow»); Jeff Beck; Françoise Hardy; Cat Stevens; Rod Stewart; Shirley Bassey; Lulu og mange andre. I tillegg til innspelingar med Dusty Springfield, spela Jones òg bass på konsertserien hennar Talk of the Town. Då han arrangert og spelte på Donovan sin «Sunshine Superman» førte det til at produsenten Mickie Most nytta tenestene hans på mange andre prosjekt, som Tom Jones, Nico, Wayne Fontana, the Walker Brothers og mange andre. Han arbeidde på så mange innspelingar at Jones har sagt at han ikkje «hugsa tre fjerdedelar av innspelingane eg er med på»[18]

Det i tida som studiomusikar at han tok scenenamnet John Paul Jones. Namnet vart foreslått av ein ven, Andrew Loog Oldham, som hadde sett ein plakat for filmen John Paul Jones i Frankrike.[19] Han gav ut den første soloinnspelinga si som John Paul Jones, «Baja» (skriven av Lee Hazlewood og produsert av Oldham) / «A Foggy Day in Vietnam», som singel på Pye Records i april 1964.[20]

Jones har sagt at som studiomusikar gjorde han to til tre innspelingar dagleg, seks til sju dagar i veka.[21] I 1968 var han utbrent av den store arbeidsmengda: «Eg arrangerte 50 eller 60 ting på ein månad og det starta å ta livet av meg.»[22]

Led Zeppelin[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Led Zeppelin.

Danninga[endre | endre wikiteksten]

Under tida som studiomusikar, kryssa Jones ofte stiar med gitarist Jimmy Page,[23] som òg arbeidde som studiomusikar. I juni 1966 vart Page med i The Yardbirds, og i 1967 medverka Jones til albumet Little Games av bandet. Vinteren etter, under innspelinga for Donovan sitt The Hurdy Gurdy Man fortalte Jones Page at han ønskte å delta i andre prosjekt som gitaristen kanskje planla.[24] Seinare det året vart The Yardbirds oppløyst og Page og bassist Chris Dreja måtte gjere ferdige nokre konsertar Yardbirds alt hadde booka i Skandinavia. Før dei hadde samla eit nytt band, forlet Dreja bandet for bli fotograf. Kona til Jones[21] foreslo at han skulle spørje Page om den ledige stillinga, og gitarist inviterte Jones med. Page forklarte seinare:

« Eg arbeidde med innspelinga av Donovan sitt Hurdy Gurdy Man, og John Paul Jones såg over det musikalske arrangementet. Under ein pause spurte han meg om eg hadde bruk for ein bassist i det nye bandet eg skulle starte. Han hadde skikkeleg musikalsk utdanning og briljante idear. Eg hoppa på sjansen om få han med.[25]  »

Vokalist Robert Plant og trommeslagar John Bonham vart med og danna ein kvartett. Dei vart først kalla «New Yardbirds» for konsertane i Skandinavia, før bandet kort tid etter vart heitande Led Zeppelin.

Bidrag til bandet[endre | endre wikiteksten]

Jones ønskte større kunstnarisk fridom då han tok avgjersla om å gje opp jobben som studiomusikar og bli med Led Zeppelin. Temperamentet, den musikalske kunnskapen og erfaringa var viktige faktorar for suksessen til bandet. Han var ansvarleg for dei klassiske basslinjene til bandet, som på «Ramble On» og «The Lemon Song» (Led Zeppelin II), og krafta og dei skiftande taktartane i songar som «Black Dog» (Led Zeppelin IV). Som trommeslagaren John Bonham, likte Jones funk- og soul-rytmar, som styrkte samspelet deira.[26] I eit intervju med Global Bass sa Jones om den felles musikalske interessa:

« Ja, me var begge store tilhengjarar av Motown og Stax og generelt fans av soulmusikk, som James Brown. Det er derfor eg alltid seier at Led Zeppelin var eit få band som «svinga». Me hadde faktisk ein groove på den tida. Folk brukte å kome til konsertane våre og dansa, og det var flott. Å sjå alle jentene dansa, det var verkeleg bra. Du såg ikkje nødvendigvis det på ein Black Sabbath-konsert eller noko slikt. Så me var forskjellige på den måten. Me var eit groovy band. Med nytta alle dei svarte pop-påverknadane som ein nøkkel til rock som gjekk over toppen.[27]  »

Som klaverspelar tilførte Jones ein ny dimensjon til Led Zeppelin, som gjorde deil noko meir enn berre eit heavy metal-band. Av høgdepunkt på klaver finn ein den delikate «The Rain Song» (Houses of the Holy) spela på Mellotron; den funky, dansbare «Trampled Under Foot», spela på clavinet (Physical Graffiti); og den austlege skalaen i «Kashmir», òg spela på mellotron (Physical Graffiti). På konsertar fekk Jones alltid vist seg fram på keyboard på «No Quarter», som ofte kunne var opp mot ein halvtime og inneheld variasjonar av klassiske musikkstykke av komponistar som Rachmaninoff.

Dei mangfaldige bidraga til gruppa inkluderte fleire andre instrumnt, mellom anna eit uvanleg trippelhalsa akustisk instrument som bestod av ein 6-strengs- og ein 12-strengs gitar, samt ein mandolin. Jones nytta ofte basspedalar for å spele bass medan han spelte klaverinstrument og mandolin. På turneen deira i 1977 song Jones solovokal på «The Battle of Evermore» for Sandy Denny som song på studioutgåva.

Profil[endre | endre wikiteksten]

Medan alle medlemmane i Led Zeppelin hadde rykte på seg for eit utsvevande liv utanfor scenen (noko som ofte var noko overdrive),[28] vart Jones stort sett rekna som den rolegaste i gruppa.[29][30] Jones sjølv har hevda at han hadde det like kjekt som dei andre bandmedlemmane under turneane deira, men at han var meir diskret.[15]

Etter fleire stilande turnear og lange periodar borte frå familien, byrja Jones seint i 1973 å bli lei livet i eit av dei største banda i verda. Han vurderte å slutte i Led Zeppelin for vere meir med familien, men vart overtalt av manageren Peter Grant om å fortsetje.[31] Jones later explained his reservations:

Anna arbeid i tida med bandet[endre | endre wikiteksten]

Jones slutta ikkje heilt som studiomusikar då han vart med i Led Zeppelin. I 1969 spela han bass på The Family Dogg sitt A Way of Life, i 1970 klaverinstrument for gitarist Green på soloalbumet hans The End of the Game. Jones produserte og arrangerte Madeline Bell-albumet Comin' Atcha i 1974. Han spela òg klaverinstrument på mange Roy Harper-album og medverka til Wings-albumet Back to the Egg i lag med trommeslagar John Bonham.

Etter Led Zeppelin[endre | endre wikiteksten]

Jones spelar bass lapsteel på scenen

Etter at Led Zeppelin vart oppløyst 1980 då Bonham døydde, har Jones samarbeidd med mange andre artistar, som R.E.M., Jars of Clay, Heart, Ben E. King, Peter Gabriel, Foo Fighters, Lenny Kravitz, Cinderella, The Mission, La Fura dels Baus, Brian Eno, the Butthole Surfers og Uncle Earl.[32][33]

Han har spelt på fleire album med Paul McCartney og var involvert i filmmusikken til filmen Give My Regards to Broad Street. I 1985 fekk Jones i oppgåve av regissør Michael Winner om å skrive filmmusikken til Scream for Help, med Jimmy Page på to av songane. Jones song sjølv på to songar. Han spelte inn og turnerte med songaren Diamanda Galás i 1994 på albumet The Sporting Life. Jones bygde eit eige platestudio kalla Sunday School, og har vore involvert i musikkarrieren til dottera Jacinda Jones.

I 1985 vart Jones gjenforeint med dei gjenverande medlemmane i Led Zeppelin for Live Aid-konserten med både Phil Collins og Tony Thompson på trommer. Dei vart igjen samla i 1988 for Atlantic Records 40th Anniversary-konserten. Den gongen hadde dei med seg sonen til John Bonham, Jason. I 1992 arrangerte han orkesteret på R.E.M.-albumet Automatic for the People.

I 1995 gav Heart ut eit akustisk konsertalbum kalla The Road Home som var produsert av Jones. Han spelar òg fleire instrument på albumet.

2000 til i dag[endre | endre wikiteksten]

Zooma var det første soloalbumet hans og kom ut i september 1999 på selskapet til Robert Fripp, DGM og vart etterfølgd av The Thunderthief i 2001. Etter begge albuma la han ut på turne og spelte i lag med Nick Beggs (Chapman Stick) og Terl Bryant (trommer).

I 2004 turnerte han som ein del av gruppa Mutual Admiration Society, i lag med Glen Phillips (frontmann i Toad the Wet Sprocket) og medlemmar av bandet til Nickel Creek.[34]

Jones spela på to songar på Foo Fighters-albumet In Your Honor. Han spelar mandolin på «Another Round» og piano på «Miracle». Frontmannen i bandet, Dave Grohl (som er stor Led Zeppelin-fan) har skildrag gjesteframferda til Jones som «det nest største som har skjedd i livet mitt.»

Han har òg arbeidd som produsent og har produsert album som The Mission sitt Children, andrealbumet til The Datsuns, Outta Sight, Outta Mind (2004) og Uncle Earl sitt Waterloo, Tenneesee.

I mai 2007 vart han med Robyn Hitchcock og Ruby Wright på songen «Gigolo Aunt», ein hyllest til Pink Floyd-medlem Syd Barrett, i London, der han spela mandolin.[35]

Jones spelar mandolin i 2007

Han spela på Bonnaroo 2007 i lag med Ben Harper og The Roots-trommeslagar Questlove som eind el av supergruppa på festivalen. Jons spela mandolin med Gillian Welch på same festivalen. Han dukka òg opp i lag med Ben Harper & the Innocent Criminals på ein coverversjon av «Dazed and Confused». Jones lukka så det første settet til Gov't Mule med å delta på «Moby Dick» og «Livin Lovin Maid» på bass, før han spela klaverinstrument på songane «Since I've Been Loving You» og «No Quarter».

Jones spela på gjenforeiningskonsertn til Led Zeppelin i O2 Arena i London den 10. desember 2007 med dei andre gjenverande medlemmane av Led Zeppelin.

I 2008 produserte han debutalbumet til Sara Watkins, som syng og spelar fele.[36][37]

John Paul Jones spelar bass i Them Crooked Vultures

den 10. februar 2008 vart John Paul Jones med Foo Fighters på Grammy Awards der han dirigerte orkesteret på songen «The Pretender». Den 7. juni 2008 spela John Paul Jones og Jimmy Page i lag med Foo Fighters på avslutninga av konserten deira på Wembley Stadium. Jones spela med Sonic Youth og Takehisa Kosugi, og lagde scenemusikken til Merce Cunningham sittNearly 90 i 2009.[38]

I februar og mars 2011 dukka han opp på scenen i Mark-Anthony Turnage-operaen Anna Nicole, om Playboy-modellen Anna Nicole Smith, i Royal Opera House i Covent Garden i London.

Them Crooked Vultures[endre | endre wikiteksten]

Det nyaste prosjektet til Jones er supergruppa med Dave Grohl og Queens of the Stone Age-frontmann Josh Homme. Gruppa kalla seg Them Crooked Vultures.[39] Trioen spelte den første konserten sin den 9. august 2009 i Metro i Chicago, og gav ut det første albumet den 17. november 2009. Den 6. februar 2010 spela Them Crooked VulturesSaturday Night Live.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

John Paul Jones vert rekna som ein av dei viktigaste og mest påverkande bassistane, klarspelarane og arrangørane i rockemusikkhistoria.[1][40][41][42] Mange kjende rockebassistar har nemnd John Paul Jones som ei inspirasjonskjelde, som John Deacon,[3] Geddy Lee,[4] Steve Harris,[5] Flea,[43] Gene Simmons,[44] og Krist Novoselic.[45] Chris Dreja, rytmegitaristen og bassisten i The Yardbirds, har skildra han som «den beste bassisten i Europa».[46] Mange musikkmagasin har rangert Jones som den beste rockebassisten gjennom tidene. Han vart kåra til den beste bassisten av lesarane i Creem Magazine i 1977.[47] I 2000 rangerte Guitar han som den tredje beste bassisten det siste milleniet.[48]

I oktober 2010 fekk John Paul Jones «Gold Badge Award» av Det britiske akademiet for låtskrivarar, komponistar og forfattarar for bidraga hans til britisk musikk og underhaldningsindustri.[49][50] Den 10. november 2010 fekk han «Outstanding Contribution Award» på Marshall Classic Rock Roll Of Honour Awards.[51][52]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Led Zeppelin[endre | endre wikiteksten]

Soloalbum[endre | endre wikiteksten]

Med Them Crooked Vultures[endre | endre wikiteksten]

Filmar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Dillon, Charlotte. «John Paul Jones Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p35842/biography. Henta 11 November 2008. 
  2. Andy Long. John Paul Jones: The 1970's were the Glory Days for British rock bands. Global Bass. Henta 27. mars 2011.
  3. 3,0 3,1 John Deacon at Allmusic
  4. 4,0 4,1 Geddy Lee: AllMusic Biography
  5. 5,0 5,1 Steve Harris at Allmusic
  6. Flea at Allmusic
  7. Gene Simmons: AllMusic Biography
  8. Krist Novoselic: AllMusic Biography
  9. Most Popular People Born In "Sidcup/ Kent/ England/ UK". Internet Movie Database.
  10. John Paul Jones biography. ProgArchives.
  11. Andy Fyfe (2003), When the Levee Breaks: The Making of Led Zeppelin IV, Chicago Review Press, ISBN 1-55652-508-7, s.22.
  12. John Paul Jones Quotes
  13. Snow, Mat. “The Secret Life of a Superstar”, magasinet Mojo, desember 2007.
  14. Led Zeppelin In Their Own Words compiled by Paul Kendall (1981), London: Omnibus Press. ISBN 0-86001-932-2, s. 17.
  15. 15,0 15,1 Denver - Music - Getting Out of the Led
  16. Tolinski, Brad. (January 1998). "Like a Rock", Guitar World, s. 60.
  17. Australian Broadcasting Corporation - Triple J Music Specials - Led Zeppelin (first broadcast 12 July 2000)
  18. David Cavanagh, "Interview with John Paul Jones", Uncut.
  19. Fortnam, Ian. "Dazed & Confused", Classic Rock Magazine: Classic Rock Presents Led Zeppelin, 2008, s. 34.
  20. Dave Lewis, Led Zeppelin: the complete guide to their music, 2004, s.81
  21. 21,0 21,1 Dominick A. Miserandino, Led Zeppelin - John Paul Jones, TheCelebrityCafe.com.
  22. Tolinski, Brad. (January 1998). "Like a Rock". Guitar World, s. 122.
  23. "...I set about recording 16 HIP HITS at Regent Sound with [...] John Paul Jones playing bass and arranging and [...] Jimmy Page on gitarar...", said Andrew Loog Oldham in his book STONED (isbn 0-312-26653-7), s. 323.
  24. «Led Zeppelin Biography». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/artists/ledzeppelin/biography. Henta 27. mars 2011. 
  25. Davis, Stephen (4 July 1985). «Power, Mystery And The Hammer Of The Gods: The Rise and Fall of Led Zeppelin». Rolling Stone (451). 
  26. Murray, Charles Shaar. "21st century digital man", Classic Rock Magazine: Classic Rock Presents Led Zeppelin, 2008, s. 58.
  27. Long, Andy (March 2002). «Get The Led Out». Global Bass Online. 
  28. Chris Welch (1994) Led Zeppelin, London: Orion Books. ISBN 0-85797-930-3.
  29. Dave Lewis (2004) The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, London: Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9, s. 77
  30. Gilmore, Mikal (10 August 2006). «The Long Shadow of Led Zeppelin». Rolling Stone (1006). 
  31. Keith Shadwick (2005) Led Zeppelin: The Story of a Band and Their Music, 1968-1980, San Francisco: Backbeat Books, ISBN 0-87930-971-0, s. 207
  32. Jeff Melton. Trampled Underfoot – The John Paul Jones Interview.
  33. John Paul Jones Discography.
  34. Dansby, Andrew. "Toad Singer Up the Creek". Rolling Stone. 28 July 2004. Henta 27. mars 2011.
  35. Pink Floyd news :: Brain Damage - Roger Waters and Pink Floyd at Syd tribute - full details
  36. Dickens, Tad. "End of the road for Nickel Creek?". The Roanoke Times. 2 November 2007. Henta 27. mars 2011.
  37. Fricke, David. "Reunited Zeppelin Plot Their Future". Rolling Stone. 24 January 2008. Henta 27. mars 2011.
  38. «John Paul Jones on Merce Cunningham». Lifestyle News. Women's Wear Daily. 14 April 2009. http://www.wwd.com/lifestyle-news/eye/john-paul-jones-on-merce-cunningham-2104771. Henta 27. mars 2011. 
  39. Josh Homme, John Paul Jones, Dave Grohl Collaborate On New Project
  40. David Overthrow. The Versatile Bassist: A Complete Course in a Variety of Musical Styles. Alfred Music Publishing.
  41. Eric Starr and Nelson Starr. Everything Bassgitar Book: From Lines and Licks to Chords and Charts. Adams Media.
  42. Maury Dean. Rock N Roll Gold Rush: A Singles Un-Cyclopedia. Algora Publishing. John Paul Jones of Led Zeppelin, John Entwistle of the Who, James Jamerson of Motown, and Donald 'Duck' Dunn of Muscle Shoals, Alabama, and Booker T. & the MG's, are often regarded among the top bass players of all time.
  43. Flea at Allmusic
  44. Gene Simmons: AllMusic Biography
  45. Krist Novoselic: AllMusic Biography
  46. Pat Pemberton. Yardbirds Bassist Recalls Photographing Early Days of Led Zeppelin. Spinner.com.
  47. CREEM MAGAZINE 1977 READER POLL RESULTS
  48. Gitar Magazine - Bassist of the Millennium
  49. John Paul Jones to Receive Gold Badge Award. Notreble.com.
  50. Kevin Johnson. John Paul Jones Receives Gold Badge for Led Zeppelin and Everything Else. Gibson.
  51. John Paul Jones honoured at Classic Rock Awards. Musicrooms.net
  52. Marshall Classic Rock Roll Of Honour Awards. Blabbermouth.net.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: John Paul Jones