Stormbringer!

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Stormbringer!
Studioalbum av John og Beverley Martyn
Utgjeve Februar 1970
Innspelt Sommaren 1969, Woodstock i USA
Sjanger Folkrock
Lengd 40:10
Selskap UK: Island
USA: Warner Bros.
Produsent Joe Boyd
John og Beverley Martyn-kronologi
The Tumbler
(1968)
Stormbringer! The Road to Ruin
(1970)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3/5 starsStar full.svgStar full.svgStar empty.svgStar empty.svg [1]
The Word(positiv) [2]

Stormbringer! er det tredje studioalbumet til John Martyn, og det første han spelte inn i lag med den dåverande kona, Beverley Martyn. John Martyn skreiv seks av dei ti songane på albumet, og Beverley fire.

I 1969 møtte John og gifta seg med Beverely Kutner frå Coventry. Ho hadde då alt platekontrakt for Elektra med Joe Boyd som produsent. John og Beverly Martin fekk så kontrakt med Warner Brothers i USA, som sende dei til Woodstock midt under folkrock-revolusjonen. Dei arbeidde med produsenten Paul Harris, som hadde produsert The Doors og Crosby, Stills & Nash og laga Stormbringer! som eit folkrockalbum med trommer, piano og bass. Albumet synte at Martyn var påverka av The Band og trommeslagaren i dette bandet, Levon Helm selte på to songar. Ein annan trommeslagar, Bill Mundi frå The Mothers of Invention, spelte på ein annan song.

«Would You Believe Me» var første gongen Martyn brukte gitareffekten echoplex, som han skulle bruke mykje dei komande åra.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av John Martyn, utanom der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Go Out And Get It»   3:07
2. «Can't Get The One I Want» (Beverley Martyn) 2:53
3. «Stormbringer»   4:16
4. «Sweet Honesty» (Beverley Martyn) 8:02
5. «Woodstock»   1:42
Side to
# Tittel Lengd
6. «John the Baptist»   3:11
7. «The Ocean» (Beverley Martyn) 3:39
8. «Traffic-Light Lady»   3:17
9. «Tomorrow Time» (Beverley Martyn) 3:48
10. «Would You Believe Me?»   5:15
Bonusspor på CD-utgåva frå 2005
# Tittel Lengd
11. «It's One of Those Days»   5:41
12. «I Don't Know» (alternativ versjon) 3:50
13. «John the Baptist» (alternativ versjon) 2:54
14. «Traffic-Light Lady» (alternativ versjon) 3:01

Bonusspora vart spelte inn under ei demoinnspeling i Sound Techniques Studios i Chelsea, 16. april 1969.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • John Martyn - vokal, akustisk gitar, elektrisk gitar
  • Beverley Martyn - vokal, akustisk gitar
  • Harvey Brooks - bass
  • Paul Harris - piano, orgel, musikalsk leiar, arrangement
  • John Simon - cembalo på «Tomorrow Time»
  • Levon Helm - trommer på «Sweet Honesty» og «John the Baptist»
  • Herbie Lovell - trommer på «Stormbringer!» og «Would You Believe Me»
  • Billy Mundi - trommer på «Go Out and Get It»
Teknisk
  • Joe Boyd - produsent
  • John Wood - lydteknikar
  • Hiroshi - fotografi
  • Diogenic Attempts Ltd. - kunstnarisk leiar
  • Nigel Waymouth - plateomslag

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chrispell, James. Stormbringer!Allmusic
  2. The Word review