Vilhelm den gamle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vilhelm den gamle
Død

1168

Yrke prest

Vilhelm den gamle (William Senex, truleg fødd omkring 1080, død 1168[1]) blir rekna som den mest kjende av biskopaneOrknøyane1100-talet og tidlegare. I Orknøyingasoga[2] er han nemnt som Vilhjelm biskop (Viljálmr biskup).

Det første bispesetet på Orknøyane[endre | endre wikiteksten]

St. Magnus kyrkja i Birsay[3]. Kyrkja er av nyare dato, men står truleg på den staden der Torfinn jarl let bygge Kristkyrkja i «Byrgesherad», som er rekna som det første bispesetet på Orknøyane.

Bispedømmet på Orknøyane (The Diocese of Orkney)[4], låg først under dei to rivaliserande erkebispedøma i York og Hamburg-Bremen men frå 1152/1153 var det underlagt Nidaros erkebispedøme. Etter Orknøyingasoga[5] vart det første bispesetet etablert i Birsay (Byrgesherad), den første katedralen var Kriskyrkja som Torfinn Sigurdsson jarl let bygge i Birsay i byrjinga av 1050-åra, etter at han kom attende frå Roma-ferda.

Den første biskopen[endre | endre wikiteksten]

Biskop Vilhelm var omtala som «klerk frå Paris»[6][7] og hadde truleg teologisk utdanning frå Frankrike, men det meste som er kjent om han finn ein i Orknøyingasoga. Der er det opplyst at han var biskop på Orknøyane tidleg på 1100-talet, og han var samtidig med jarlane Magnus Erlendsson, Håkon Pålsson og sønene hans, og Ragnvald Kale Kolsson. I soga er det sagt at han var biskop på Orknøyane i 66 år[8] og etter som han døydde i 1168, må han ha teke over bispestolen i Birsay (Byrgesherad) omkring 1102, på den tida då Sigurd Magnusson (Jorsalfare) var jarl.

Bispesetet vart seinare flytta til Kirkwall, og i 1948 vart leivningane av biskop Vilhelm funne i ei steinkiste i St. Magnuskatedralen[9]. I kista vart det funne ei blyplate med inskripsjonen, på framsida: H. REQVIESCIT: WILIAMVS: SENEX FELICIS MEMORIE, på bakdsida: PMVS EPIS[Note 1]. Teksten på baksida stadfester at Vilhelm var rekna som «den første biskopen», truleg i tydinga at han var den første etter at bispesetet vart oppretta i Kirkwall. Kjeldene nemner fleire, tidlegare biskopar på Orknøyane[4], mellom andre Thorulf[10], Henrik[11] og Radulf Novell[12], men det er uvisst om nokon av desse hadde hatt fast opphald, eller om dei i det heile hadde vore på Orknøyane.

Liv og lagnad[endre | endre wikiteksten]

Bygginga av St. Magnuskatedralen i Kirkwall vart byrja omkring 1137 og det er ikkje tvil om at biskop Vilhelm frå første stund var sterkt involvert i arbeidet.
«Bishop's Palace» i Kirkwall, her med St. Magnuskatedralen i bakgrunnen, og vart truleg byrja bygt i 1150-åra, for biskop Vilhelm den gamle.

Etter Orknøyingasoga[13] var biskop Vilhelm ved bispestolen i Birsay på den tida då Magnus Erlendsson vart drepen (omkring 1115). Han skal først ha mistrudd mykje av det folk fortalde om under og jarteikn om Magnus. Ein haust var han på heimtur etter å ha vore på vitjing i Noreg, då skipet hans kom i havsnaud ved Hjaltland (Shetland). Han skal då ha lova at om dei vart berga, skulle han ikkje setje seg imot at Magnus jarl vart lyst heilag. Seinare (omkring 1136) opplevde han fleire under ved grava til Magnus og vart styrkt i trua på at Magnus jarl var heilag. Slik vart det biskop Vilhelm som i stor grad fremja helgenkulturen omkring sankt Magnus.

Magnus jarl var blitt gravlagd ved kristkyrkja i Birsay, men 21 år seinare let biskop Vilhelm grave opp kista og leivningane av Magnus la dei i eit skrin som vart plassert på alteret, inne i kyrkja[14]. Ei tid seinare vart skrinet flytta til Kirkwall i ein stor prosesjon som var leia av biskop Vilhelm. Ikkje lenge etter, truleg i 1137, byrja Ragnvald Kole Kolsson jarl bygginga av ei ny kyrkje i Kirkwall, det som vart St. Magnuskatedralen[15]. Biskop Vilhelm var utan tvil involvert i arbeidet, og som ein naturleg konsekvens vart òg bispesetet om lag på denne tida flytta frå Birsay til Kirkwall.

Truleg var det under biskop Vilhelm at ei meir formell organisering av kyrkja på Orknøyane tok til, mellom anna med etablering av kyrkjesokn[16].

Etter at biskop Vilhelm (William the old) døydde i 1168, kom det ein ny biskop med same namn (William II), som fungerte fram til 1188. Deretter vart Bjarne Kolbeinsson biskop på Orknøyane.

Pilegrimsferda[endre | endre wikiteksten]

Sumaren 1152 drog Ragnvald Kale Kolsson jarl ut frå Orknøyane med 15 storskip for å fare på pilegrimsferd til det heilage landet. Mange hovdingar frå Noreg og Orknøyane var med på ferda, og Orknøyingasoga[17] nemner at biskop Vilhelm var med som ein av skipsstyresmennene (andre var dei norske stormennene Erling Skakke og Eindride Unge). Etter at dei hadde vitja Jerusalem, drog dei til Miklagard (Konstantinopel] og vitja den bysantinske keisaren Manuele[Note 2]. Derifrå selga dei til «Pul» (Apulia i Italia), der Ragnvald jarl, saman med biskop Vilhelm og mange andre, gjekk av skipa, fekk seg hestar og gjorde heimvegen over land. Ved juletider 1155 kom dei attende til Orknøyane.

I 1153, medan biskop Vilhelm framleis var på pilegrimsferd, vart bispedømmet på Orknøyane, og dermed biskop Vilhelm, formelt lagt inn under den norske kyrkja. Dette hende på eit kyrkje- og riksmøte i Nidaros som var kalla inn av paven sin utsending, Nicholas Breakspear[Note 3], der den norske kyrkjeprovinsen Nidaros erkebispedømme vart oppretta.

Kjelder og utfyllande opplysningar[endre | endre wikiteksten]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tekst på framsida: «Her kviler William gamle lukkelege minne». På baksida: PMVS EPIS tyder: Primus episcopus - dvs «Den første biskopen»
  2. Keisaren i Austromarriket i tida 1143-1180, var Manuel I Komnenos.
  3. Nicholas Breakspear vart året etter valgt til pave, under namnet Hadrian IV

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «William the old» (d. 1168) Barbara E. Crawford, Oxford Dictionary of National Biography (2004)
  2. Orknøyingasoga omsett av Gustav Indrebø (Oslo 1929)
  3. St Magnus Church Birsay på Mainland
  4. 4,0 4,1 THE DIOCESE OF ORKNEY Under norsk styre fram til 1382
  5. Orknøyingasoga kapittel 31 og 52 – den første bispestolen
  6. «The Northern Earldoms» side 210
  7. I Orknøyingasoga, kapittel 85, er det òg sagt at biskop Vilhelm hadde fått klerke-lærdom i Paris.
  8. Orknøyingasoga kapittel 52
  9. NOTES ON DISCOVERIES IN ST MAGNUS CATHEDRAL, KIRKWALL av JOHN MOONEY, P.S.A.ScoT (1924)
  10. Adam av Bremen Beretningen om Hamburg stift, (tredje bok, kap.77 om biskop Thorulf) (Aschehoug 1993)
  11. Henrik, Biskop i Lund Dansk Biografisk Leksikon på Projekt Runeberg
  12. Ralph Nowell eller Nouell rev. Barbara E. Crawford, Oxford Dictionary of National Biography (2004)
  13. Orknøyingasoga kapittel 52
  14. Orknøyingasoga kapittel 57 – helgenskrinet til Magnus jarl.
  15. Orknøyingasoga kapittel 76 – oppstart av bygginga av St. Magnuskatedralen.
  16. «The Northern Earldoms» kapittel 5.5.2
  17. Orknøyingasoga kapittel 86/89 – pilegrimsferda til Ragnvald jarl.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]