Orknøyingasoga

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Detalj av pergamentside frå folio 101v av GKS 1005 - Flateyjarbók, med teksten: jarl í Orkneyum.
Kart over Orknøyane, frå kartsamlinga til Nasjonalbibliotektet. Handteikna før 1850 av P.A. Munch.
Ei side frå Orknøyingasoga, henta frå det islandske manuskriptet av Flateyjarbok frå 1300-tallet.

Orknøyingasoga er soga om dei norskætta jarlane som styrte over Orknøyane. Ho byrjar med segnstoff frå Noreg si urtid, men sjølve jarlesoga handlar om tida frå då dei første jarlane av Mørejarlætta rådde på slutten av 800-talet, til den siste norsk-ætta jarlen som døydde i 1231.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Orknøyingasoga, opphavleg kalla Jarlasögur, høyrer til mellom dei eldste av dei norrøne sogene. Ho vart nedskriven i tida omkring år 1200 og nokså sikkert ikkje seinare enn omkring 1220, då Snorre Sturlason nytta soga som ei av sine kjelder. Den orknøyske biskopen og skalden Bjarne Kolbeinsson er den siste biskopen som er omtala, men at han døydde i 1223 er ikkje nemnt. Sogeforfattaren er ikkje kjend, men ein reknar med at soga er blitt til på Island, truleg av ein geistleg person. Det er ein teori om at Bjarne Kolbeinsson kan ha skreve verket, men noko prov har ein ikkje. Han var særs kunnskapsrik og interessert i historie og var knytt til lærde kretsar på Island, og det kan i det minste tenkast at han hadde ei hand med i arbeidet.

Det har vore drøfta om soga er sett saman frå fleire, særskilde soger, men i så fall er bolkane godt sydd saman og soga står fram som eit einskapleg verk. Kjeldene til soga finst i fleire handskrivne manuskript, dei eldste datert til omkring 1300[1]. Heile soga er òg innarbeidd i Flatøyboka[2] som vart fullført omkring 1394.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Dei tre første kapitla er utdrag av den korte og legendariske soga om korleis Noreg vart bygt (Hversu Noregr byggðist)[3] som òg finst i Flatøyboka[2], og som har lite å gjere med sjølve soga om Orknøyane. Resten av soga handlar orknøyjarlane si historie og byrjar med at Harald Hårfagre erobra øyane (kap. 4) og endar i hovudsak med Jón Haraldsson jarl (kap. 112) som døydde i 1231. Orknøyane var i denne tida eit norsk rike og soga nemner òg litt om dei andre områda som jarlane rådde over: Shetland (Hjaltland), Sudrøyane (Hebridane) og nokre område på Katanes (Caithness) på det skotske fastlandet.

Den første luten av soga handlar om Torv-Einar Ragnvaldsson og dei næraste ættlingane hans, fram til Torfinn Sigurdsson jarl som døydde i 1064. I den andre bolken er hovudtemaet livet til Magnus jarl den heilage som døydde i 1116. I den tredje bolken er hovudpersonane Ragnvald Kale Kolsson og dei siste orknøyjarlane etter han. I denne bolken har hovdingen Svein Åsleivsson fått ein framståande plass. Han er blitt kalla «den siste viking» og var ein ven av Ragnvald jarl, men høyrde ikkje til jarleætta.

Orknøyingasoga nemner fleire av dei norske kongane; Harald Hårfagre, Eirik Blodøks, Olav Tryggvason, Olav den heilage, Harald Hardråde, Olav Kyrre, Magnus Berrføtt, Sigurd Jorsalfare, Harald Gille, Magnus Blinde, Inge Krokrygg, Øystein Haraldsson og Sigurd Munn. Opplysningane om dei er stort sett samanfallande med dei norrøne kongesogene.

I den første bolken av soga er innhaldet støtta av mange kvad av skaldane Torv-Einar Ragnvaldsson og Arnor jarlaskald, og elles i soga finn vi viseflokkar og lausaviser av mange av dei norrøne skaldane. Det er overlevert 82 strofer som vedkjem Orknøyane, og dei fleste finst ikkje andre stader[4]. Desse skaldane kan nemnast: Botolv Begla, Ragnvald Kale Kolsson, Ottar Svarte, Bjarne Gullbrarskald, Sigmund Ongul, Odde Litle Glumsson, Årmod, Torbjørn Svarte, kong Harald Hardråde, Kale Kolsson, kong Magnus Berrføtt. Nokre av skaldane er kjende berre frå denne soga.

Soga som historisk kjelde[endre | endre wikiteksten]

Orknøyingasoga inneheld segnstoff og mytiske skildringar som har tvilsam eller ingen historisk verdi, men det meste av soga, unnateke dei aller eldste bolkane, blir likevel rekna som truverdig og er ei viktig historisk kjelde.

Soga gir i kapittel 4 ei skildring av Harald Hårfagre si hæferd «vest om havet», om korleis han etablerte jarleriket og gav det til Ragnvald Mørejarl i sonebot. Skildringane er lite truverdige og har ikkje støtte frå andre kjelder. I dei fragmentariske annalane om Irland[5] er Harald Hårfagre ikkje nemnt, men derimot norske vikingferder lenge før hans tid. For året 867[6] er det nemnt at Ragnall, son til Albdan, «konge av Noreg» erobra Orknøyane saman med dei tre sønene sine. Dersom Ragnall kan identifiserast med Ragnvald Mørejarl, kan det tyde på at det var han som sjølvstendig grunnla jarledømet.

Denne slutninga blir òg støtta av det latinske sogeverket Historia Norvegiae[7], truleg skreve omkring 1170. Der blir øyane kalla Orcades, og det blir nemnt at «I dagane til Harald Hårfagre, Noregs-kongen, siglde nokre vikingar av ætta til Ragnvald den Sterke over Sulendhavet[8]» og la øyane under seg.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Orkneyinga saga Manuskript-oversikt frå handrit.is
  2. 2,0 2,1 Flateyjarbok Orkneyinga Þáttr - frå side 176, frå side 404 og frå side 529 (norrønt språk)
  3. HVERSU NOREGR BYGGÐIST frå snerpa.is
  4. Det norrøne fyrstediktet s.23, av Bjarne Fidjestøl (1982) ISBN 8290359071
  5. Fragmentary Annals of Ireland CELT University College Cork
  6. Fragmentary Annals of IrelandAnnal FA330
  7. Historia NorvegiaeDen eldste Noregs-historia Omsett av Halvdan Koht (Oslo 1921)
  8. Sulendhavet (Sólundarhaf): Havet vestan for Solund-øyane utanfor Sogn, dvs havet mellom Noreg og øyane nord for Skottland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]