Bjørnebærslekta
Hopp til navigering
Hopp til søk
Bjørnebærslekta |
![]() |
Vitskapleg namn |
Rubus |
Utbreiing |
Utbreiing: Tempererte delar av den nordlege halvkula |
Systematikk |
Bjørnebærslekta (Rubus) er ei planteslekt i rosefamilien. Medlemene er fleirårige urter eller tornete buskar med blada årsskott som ikkje blomstrar før neste år. Dei har fem begerblad og fem kronblad, mange mjølberarar og mange griflar. Fruktene er samansette av små steinfrukter. I bjørnebærgruppa er det i Europa skilt ut eit par tusen artar. Her der berre teke med nokre av desse artane. Alle bjørnebærartane på lista nedanfor set frø utan befruktning. Dei fem første på artslista set frø på normal måte. Nokre av artane vert dyrka for bæra si skuld.
Nokre artar som veks vilt i Noreg er:
- Molte (R. chamaemorus)
- Åkerbær (R. arcticus)
- Tågebær (R. saxatilis)
- Bringebær (R. idaeus)
- Blåbringebær (R. caesius)
- Småbjørnebær (R. corylifolius)
- Duskbjørnebær (R. thyrsanthus)
- Krattbjørnebær (R. langei)
- Klobjørnebær (R. lindebergii)
- Lodnebjørnebær (R. septentrionalis)
- Norsk bjørnebær (R. selmeri)
- Raspbjørnebær (R. radula)
- Skogbjørnebær (R. nessensis)
- Rukkebjørnebær (R. scissus)
- Surbjørnebær (R. sulcatus)
- Søtbjøbær (R. plicatus)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Svensk Wikipedia.
- Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.