Bjarne Lous Mohr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bjarne Lous Mohr (27. november 190120. april 1986) var ein norsk arkitekt frå Stavanger, professor i by- og regionplanlegging.

Mohr tok eksamen ved arkitektlinja fra Norges tekniske høgskole (NTH) i Trondheim i 1925. Frå 1930 til 1946 arbeidde han som reguleringsarkitekt i Aker kommune og deretter i Bergen kommune til 1956. Heile vegen dreiv han samstundes eige arkitektfirma i Oslo. I tida 1956-71 var han professor i by- og regionplanlegging ved NTH.

Mohr deltok aktivt i arbeidet med fleire byplanar. Mellom anna laga han i 1945-46 reguleringsplanen for Hammerfest, ein by den tyske krigsmakta brende ned hausten 1944. Sidan lag han byplanar for Ås i Akershus og for Volda kommuneSunnmøre.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]