Bjarne Myrstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Bjarne Myrstad (fødd 14. juni 1948 på Selje i Nordfjord, død 7. januar 2019 i Oslo) var ein norsk journalist, forfattar og informasjonsarbeidar. Myrstad vart fødd på Selje i Nordfjord, og var son av stortingsmann Knut Myrstad.[1] Han gjekk på Kristelig Gymnasium – der han starta eit mållag med mottoet «gjer nynorsk til bynorsk» – og tok eksamen ved Volda Lærarskule i 1971. Med tida vart han òg nestleiar i Norsk Målungdom.

Myrstad byrja som journalist ved Nynorsk Pressekontor i 1971 og var redaktør i Dag og Tid frå 1974 til 1979. Sidan arbeidde han nokre år som frilansjournalist, før han i 1983 tok til som journalist i Bergens Tidende med ansvar for fiskeri- og havbruksstoffet i avisa. I perioden 1979-1981 var han òg leiar av Kringkastingsringen. Frå 1990 og fram til 2007 var han tilsett som informasjonssjef i Fiskeridepartementet. Myrstad nytta stillinga til å arbeida for eit klårare språk og meir bruk av nynorsk, og i denne perioden vart fiskeridepartementet best i nynorsk med meir enn 40 prosent nynorsk i utoverretta verksemd.

Myrstad skreiv fleire bøker med emne frå fiskeri og kystkultur. Mellom desse kan ein nemna Vestlandsfiske (1996) og Han Hallstein – storbasen på land, ein biografi om Hallstein Rasmussen (1998).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Tandstad, K. (2019, 14. januar). Minneord over Bjarne Myrstad. Fiskeribladet, 7.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Starheim, O. (2019). Knut Myrstad Arkivert 2021-06-11 ved Wayback Machine. på Allkunne.no. Henta 11. juni 2021.