Bjarne Ness

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bjarne Ness

Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mars 1902
Trondheim
Død

13. desember 1927 (25 år)
Paris

Yrke kunstmålar
Bjarne Ness på Commons

Bjarne Ness (17. mars 190213. desember 1927) var ein norsk teiknar og målar frå Trondheim. Han var eit av dei største målar-talenta i Noreg i mellomkrigstida, men døydde 25 år gammal.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Far til Ness var industriarbeider. Sjølv gjekk han på den kommunale middelskulen frå 1916 til 1919. I denne perioden fekk han si fyrste profesjonelle undervisning i teikning hos NTH-professoren Harald Krohg Stabell, som dreiv ein kunstskule.

Ness byrja som aspirant ved jarnbanen, og tok så i 1923 til på Jernbaneskolen på Hamar; Same hausten fekk han jobb i Oslo, der han fekk nærkontakt med kunstmiljøet i hovudstaden. I 1924 vart han elev ved målarskulen til Axel Revold. Med stort talent tileigna han seg kunnskapen til Matisse-skulen, på same tid studerte han gamle meistrar som Michelangelo, Rafael, Delacroix. Han arbeidde målbevisst med dei klassiske komposisjonsproblema for å gje figurgruppene sin fastleik og samanheng, men utvikla også ein kjenslevar, klar og kjølig koloritt, særleg i mørkeblått og brunraudt..

I 1925 fekk Ness gode kritikkar etter å ha fått stilt ut verk på den tradisjonelle Haustutstillinga i Oslo. Tida framover var delt mellom arbeid ved jarnbanen og måling. Etterkvart fekk han seld nokre av arbeida sine, og han fekk eit større utsmykkingsoppdrag ved Østensjø skole i Oslo.

Dei siste par åra av livet arbeidde han hektisk, og laga fleire verk som vert rekna som klassiske: De tre ryttere, Gjøglere, Seierherren og Selvportrett. Hausten 1927 reiste han til Paris, men han leid av tuberkulose og døydde ein månad seinare, 13. desember 1927, berre 25 år gammal. 2. januar 1928 vart han gravlagd på Lademoen kyrkjegard.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Store norske leksikon