Bjerregårds gate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bjerregårds gate i Bergen er ei stutt lita gate i stroket Møhlenpris, frå Professor Hansteens gate til Welhavens gate i området mellom Møhlenpris idrettsplass og Nygårdsparken. Gata fekk namnet i 1881 etter forfattar og høgsterettsassessor (høgsterettsdommar) Henrik Anker Bjerregaard (1792–1842). Han skreiv mellom anna teksten til «Sønner av Norge», som i si tid vart rekna som Noregs nasjonalsong, og teksten til syngespelet Fjeldeventyret, som vart spela i Bergen i 1831 med musikk av Waldemar Thrane, og som er rekna som det fyrste syngespelet i Noreg.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]