Blåstrupe
Blåstrupe | |
Blåstrupe hann | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig[1] Utbreiinga av blåstrupe | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Flugesnapparfamilien Muscicapidae |
Slekt: | Luscinia |
Art: | Blåstrupe L. svecica |
Vitskapleg namn | |
Luscinia svecica |
Blåstrupe (Luscinia svecica) er ein arktisk fugl. Hannen har ein kraftig blå flekk med eit rustraudt midtparti på strupen. Varselropet er «huitt tækk tækk tækk»; songen skal vere vakker og variert. Blåstrupen er ein slank fugl som vert om lag 14 cm lang og 18 gram tung.
Global utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Arten er vidt utbreidd innanfor palearktis frå Europa i vest og austover gjennom Asia. Han finst også i det vestre Alaska.
Leveområde i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Blåstrupen finst i fjellet i Sør-Noreg og i fjellet og ut til kysten i Nord-Noreg.[2] Han likar best irrgrøne fjellbjørkeskogslier og vierkjerr langs lågalpine våtmarker, men kan også treffast i skog der or, furu og gran dominerer. Det er helst i dei lyngrike skogvegetasjonstypane ein finn blåstrupen, men også i rikare skogutformingar så vel som i fuktig skog- og viervegetasjon. Den norske hekkebestanden er truleg på 500 000 til 1 million par.
Utsjånad
[endre | endre wikiteksten]Utsjånaden varierer etter årstid, alder og kjønn. Som namnet seier er strupe og bryst blått på hannen. I midten av det blå har hannen ein rustraud flekk. Hoa har ein svakare lyseblå farge i fjørdrakta si. På sidene av indre del av stjerten har begge kjønn rustraude felt.
Lyd
[endre | endre wikiteksten]Hannen syng sterkt, variert og med mange hermande innslag, og kan til dels minne om nattergalen, ein art som er klassifisert som nært i slekt. Mest typisk for songen er ein surrande låt, blanda med klare klokkeliknande tonar.
Hekking
[endre | endre wikiteksten]Blåstrupen gøymer reiret godt, helst i kratt nær vatn. Paret byter på å ruge dei 5-7 egga, som er bleikt grønaktige eller blågrøne med rustraude flekkar. Egga vert klekte etter fjorten dagar.
Føde
[endre | endre wikiteksten]Føda er samansett av insekt i ulike stadium, både vaksne, larver og pupper. I tillegg et dei mykje markar. Maten finn blåstrupa på fuktige plassar og nær vatn.
Trekktilhøve
[endre | endre wikiteksten]Blåstrupen er ein trekkfugl som kjem til landet i april og flyg sørover i september. Fuglen opptrer skjult på trekket og er lett å oversjå. Truleg flyg dei skandinaviske fuglane søraustover mot det sørvestlege Asia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Bjørn Njørnsrud og Gunnar Lid: Fugleboka 200 norske fuglar i fargar ISBN 82-90203-02-0
- Norsk Fugleatlas, 1994.
- Referansar
- ↑ Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av blåstrupe Luscinia svecica for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 13. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 13. mars 2022. Henta 13. mars 2022.