Saxicolinae

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saxicolinae
Buskskvett (Saxicola rubetra)
Buskskvett (Saxicola rubetra)
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Overfamilie: Muscicapoidea
Familie: Flugesnapparfamilien Muscicapidae
Underfamilie: Saxicolinae
Vigors, 1825

Saxicolinae er ei gruppe insektetande fuglar i flugesnapparfamilien som held til i Europa og Asia. Dei fleste nordlege artane er trekkfuglar.

Dette er ei homogen gruppe av relativt små artar, mange har ei mykje fargerik fjørdrakt og dei har spinkle bein. Songen er godt utvikla hos somme artar, hos andre berre svakt. Nebbet passar til insektetande diett, nett og slankt. Einskilde artar har utvikla fjørbustar ved nebbrota. Hannane til nokre artar - som svartraudstjert - syner utsett modning av fjørdrakta, første året ser dei ut som hoer, jamvel om dei allereie er kjønnsmodne.

Artar[endre | endre wikiteksten]

Rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.4 frå desember 2009 [1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]

Blåstrupe, Luscinia svecica
Foto: Daniel Bastaja
Blåstjert, Tarsiger cyanurus
Foto: su neko
Svartkrattskvett, Cercotrichas podobe
Foto: ChriKo
Arieshama, Copsychus malabaricus
Foto: K. W. Bridges
Svartraudstjert, Phoenicurus ochruros
Foto: Gunther Hasler

Kanskje medlemmer i Saxicolinae[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood. 2009. The Clements checklist of birds of the world: Version 6.4 Lest 14. august 2010
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)