Blaženko Lacković

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blaženko Lacković


Statsborgarskap Kroatia
Fødd 25. desember 1980 (43 år)
Varaždin
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004

Blaženko Lacković (fødd 25. desember 1980) er ein kroatisk tidlegare handballspelar frå Novi Marof. Han vart verdsmeister 2003 og olympisk meister 2004 med Kroatia sitt landslag. Vinnar av EHF-meisterligaen 2013. Lacković var venstre rykkromspelar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Lackovic var ein sentral spelar på Kroatia sitt landslag, skåra mange mål med sine harde skot og kraftige spenst. Åra frå 2003 til 2013 sanka han VM-gull, OL-gull, to VM-sølv og like mange EM-sølv, ein medaljehaust som innom eitt år vart avslutta med bronsemedalje i EM, OL og VM. Han deltok i 195 av Kroatia sine landskampar og skåra 571 mål.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Lackovic spelte frå 2001 i tre år for RK Zagreb i heimlandet. Sidan gjorde han teneste i tyske Flensburg-Handewitt i fire sesongar, der han var med å vinne pokalfinalen i 2005 og tape finalen i EHF-meisterligaen i 2007. Sommaren 2008 flytta Lacković til HSV Hamburg. Her vart han vinnar av pokalfinlen 2010, bundesligaen 2011 og meisterligaen i 2013. 2014-16 spelte han for det makedonske laget Vardar. Med Vardar vart han makedonsk dobbelmeister i 2015. I februar 2016 byrja han spele for THW Kiel i Tyskland. Etter i 2017 å ha vorte tysk pokalvinnar for tredje gong, med tre ulike lag, fór Lacković sommaren 2017 tilbake til HSV Hamburg, ein klubb som då ikkje lengre deltok i øvste bundesliga. Aktiv til 2020.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Blaženko Lacković