Hopp til innhald

Handball-EM 2004 for menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Europameisterskapen i handball 2004 for menn, den 6. i rekka, vart avvikla i dagane frå 22. januar til 1. februar 2004 i Slovenia. 16 land deltok i turneringa: Danmark, Frankrike, Island, Kroatia, Polen, Portugal, Russland, Serbia/Montenegro, Slovenia, Spania, Sveits, Sverige, Tsjekkia, Tyskland, Ukraina og Ungarn.

Finalekampane fann stad i Ljubljana, elles gjekk meisterskapen føre seg i Celje, Koper og Velenje.

Gull, sølv og bronse[endre | endre wikiteksten]

Tyskland sitt mannskap vann EM-gull for fyrste gong då vertslandet Slovenia måtte sjå seg slått 30–25 i finalen. Ved pause leia Tyskland med komfortable 16–10. Med 9 mål vart Florian Kehrmann toppskårar i finalen. Lagkameratane Daniel Stephan og Pascal Hens skåra høvesvis 8 og 6 gongar, medan Christian Schwarzer, Torsten Jansen og Volker Zerbe stod for kvar sine 2 skåringar, Christian Zeitz skåra 1-ein gong. Henning Fritz vakta målet. Renato Vugrinec vart toppskårar for Slovenia med sine 6 fulltreffarar. 7 500 tilskodarar, ein fullsett Tivolihall i Ljubljana, såg finalen.

I kampen om bronsemedaljane sigra Danmark 31–27 over Kroatia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]