Blandingsskog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Blandingsskog i Neila i Spania

Blandingsskog er ein type skog som består av både lauvtre og bartre. Slik skog finst blant anna i sentrale delar av Europa, delar av Vest-Asia, deler av Himalaya og i Aust-Asia, Sør- og Søraust-Australia, langs sørvestkysten og lengst sør i Sør-Amerika og i det austlege Nord-Amerika. I internasjonal biogeografi blir skogtypen gjerne omtalt som temperert lauvskog og blandingsskog (temperate broadleaf and mixed forest, forkorta TBMF).[1]

I Noreg er det svært lite blandingsskog, men det finst ein del på Sørlandet og Sør-Austlandet. Denne består typisk av ei blanding av gran og bjørk, med innslag av andre lauvtre. Blandingsskog er meir vanleg i Sverige, der store delar av Sør-Sverige består av denne skogtypen. Likeeins er han vanleg i Danmark.

Dei mest næringsrike variantane av blandingsskog har ofte eit rikt dyreliv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. WWF (2017) Temperate broadleaf and mixed forests. World Wide Fund for Nature, 2017. Besøkt 2017-12-28