Bokfink

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bokfink
Bokfink (hann)
Bokfink (hann)
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig[1]Utbreiinga av bokfink
Utbreiinga av bokfink
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Finkefamilien Fringillidae
Slekt: Fringilla
Art: Bokfink F. coelebs
Vitskapleg namn
Fringilla coelebs

Bokfinken (Fringilla coelebs) er ein fugl i finkefamilien. Han er om lag 15 cm lang, og veg rundt 20 gram.

Hofugl.
Fringilla coelebs

Bokfinken har to tydelege kvite vengeband, og issen og nakken er blågrå. Dei ytste stjertfjøra er kvite, og andletet og brystet er brunraudt. Hoa har ei mørk, grøngrå overside, men på undersida er ho ljosare.

Bokfinken hekkar på same stedet kvart år. Reiret vert bygt i tre og ser ut som ei djup skål som er pynta med mose og lav. Bokfinken hekkar i apriljuli og han legg tre til seks egg. Rugetida er 13 dagar, og ungane forlèt reiret etter 13–14 dagar. Bokfinken kan få to kull om året.

Bokfinken er ein av dei vanlegaste fuglane i Noreg.[2]

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste bokfinkane flyg ut av Noreg i september-oktober. Nokre få allereie i august. Trekket går mot sør gjennom Danmark, Tyskland, Nederland og Belgia. Nokre overvintrar i desse landa. De fleste flyg vidare frå Belgia til Storbritannia og nokre til Irland. Eit mindretal fuglar flyg beint over Nordsjøen til desse øyane. Nokre norske hekkefuglar reiser sørover for å overvintre i det sørvestlege Europa. Eit fåtal bokfinkar overvintrar i Noreg. Bokfinkane kjem att i marsapril, og då kjem hannen eit par veker før hoa. Bokfinken har difor fått det latinske namnet coelebs som tyder 'ugift'. Når hoa kjem, jagar hannen sint alle rivalane sine vekk i frå området sitt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24. november 2021). «Fugler: Vurdering av bokfink Fringilla coelebs for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 14. mars 2022. 
  2. «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 14. mars 2022. Henta 14. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bokfink