Boléro

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå bolero.
Ida Rubinstein, inspirasjonen bak Boléro. Portrett av Valentin Serov.

Boléro er eit orkesterstykke av Maurice Ravel (1875–1937). Det vart opphavleg komponert som ein ballet tinga av den russiske skodespelarinna og dansarinna Ida Rubinstein. Stykket, som hadde premiere i 1928, er det mest kjende musikkstykket til Ravel.[1] Før Boléro hadde Ravel komponert storskala ballettar (som Daphnis et Chloé for Ballets Russes 1909–1912), suitear for ballett (som den andre orkesterversjonen av Ma mère l'oye, 1912), og dansestykke (som La valse, 1906–1920).

Boléro samanfattar arbeidet til Ravel med å gjenoppfinne dansesatsar. Det var òg eit av dei siste stykka han komponerte før sjukdom tvang han til å gje seg. Dei to pianokonsertane og songsyklusen Don Quichotte à Dulcinée var dei einaste han skreiv etter Boléro.

Komposisjon[endre | endre wikiteksten]

Verket kom til då dansaren Ida Rubinstein spurte Ravel om å gjere ein orkestertranskripsjon av seks stykke frå Isaac Albéniz sine pianostykke kalla Iberia.[2] Medan han arbeidde med transkripsjonen, fekk Ravel vite at satsane alt var orkestrert av den spanske dirigenten Enrique Arbós, og at opphavsretten forbaud andre arrangement.[2] Då Arbós høyrte om dette sa han at han med glede ville la Ravel orkestrere stykket.[2] Men Ravel ombestemde seg og valte å orkestrere eit av sine tidlegare verk.[2] Han ombestemte seg igjen og valte å skrive eit heilt nytt stykke basert på musikkforma og den spanske dansen kalla bolero.[2] Då han var på ferie i St Jean-de-Luz sette Ravel seg ned ved pianoet og spelte ein melodi med ein finger for venen Gustave Samazeuilh og sa «Syns du ikkje dette temaet har ein instendig kvalitet? Eg skal prøve å repetere det mange gonger utan noko utvikling, og gradvis auke orkesteret så godt eg kan».[2] Stykket vart opphavleg kalla Fandango, men tittelen vart etter kort tid endra til «Boléro».[2]

Premiere og første framføringar[endre | endre wikiteksten]

Komposisjonen vart ein sensajon då det hadde premiere ved Paris Opéra den 22. november 1928, med koreografi av Bronislava Nijinska og design av Alexandre Benois. Orkesteret ved operaen vart dirigert av Walther Straram; Ernest Ansermet hadde opphavleg vorte leigd inn som dirigent for heile ballettsesongen, men musikarane nekta å spele for han.[3]

Boléro vart det mest kjende stykket til Ravel, noko som overraska komponisten, som hadde sett for seg at dei fleste orkestera ville nekte å spele det.[2] Det vert vanlegvis spelt som eit reint orkesterverk, sjeldan som ein ballett. I det som kan vere ei oppdikta historie, skal ei kvinne ha ropt under uroa som oppstod etter premieren at Ravel var galen. Då Ravel fekk høyre om dette skal han smilt og sagt at kvinne av den einaste som hadde forstått stykke.[4] Stykket vart først publisert av Paris-firmaet Durand i 1929. Arrangement av stykket vart laga for piano, både solo og duett, og Ravel sjølv arrangerte ein versjon for to piano som vart publisert i 1930.

Den første innspelinga vart gjort av Piero Coppola i Paris for The Gramophone Company den 8 januar 1930. Ravel var tilstades under innspelinga.[5] Dagen etter laga Ravel si eiga innspeling for Polydor, då han dirigerte Lamoureux Orchestra.[5] Same året vart det laga fleire innspelingar med Serge Koussevitzky med Boston Symphony Orchestra og Willem Mengelberg med Concertgebouw Orchestra.[5]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Tilpassingar[endre | endre wikiteksten]

Den afrikanske songaren Angélique Kidjo lagde ein vokalversjon av Boléro kalla «Lonlon», der nesten alle instrumenta vert sungen på Mina-språket frå Benin. Det finst på det Grammy-vinnande albumet Djin Djin.

«Boléro» vert nytta som motmelodi i Rufus Wainwright-songen «Oh What A World» og delar av stykket dukka opp gjennom songen.

Den franske sigøynaren François (Canut) Reyes, medlem av the Gipsy Kings, syng ein spansk teksten til «Boléro» på det første soloalbumet sitt.

«Boléro» vart arrangert for gitar av Kotaro Oshio.

Nintendo-komponist Koji Kondo planla å nytte Boléro som kjenningsmelodi for The Legend of Zelda, men vart tvungen til å endre dette då han fikk vite at opphavsretten ikkje var gått ut enno.[6]

Frank Zappa framførte ein del av stykket på det doble konsertalbumet The Best Band You Never Heard in Your Life i 1991.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Boléro» frå Wikipedia på engelsk, den 24. august 2014.
  • Lanford, Michael (2011). «Ravel and 'The Raven': The Realisation of an Inherited Aesthetic in Boléro.» Cambridge Quarterly 40(3), 243–265.
  • Mawer, Deborah (2006). The Ballets of Maurice Ravel: Creation and Interpretation. Aldershot, England; Burlington, VT: Ashgate. ISBN 0-7546-3029-3. 
  • Orenstein, Arbie (1991). Ravel: Man and Musikar. New York: Dover Publications. ISBN 0-486-26633-8. 
  • Ravel, Maurice; Arbie Orenstein (2003). A Ravel Reader: Correspondence, Articles, Intervjus. Minneola, NY: Dover Publications. ISBN 0-486-43078-2. 
  1. Orenstein (1991), s. 99
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Orenstein (1991), s. 98
  3. Mawer, s. 227
  4. Kavanaugh, Patrick (1996). Music of the Great Composers: A Listener's Guide to the Best of Classical Music. Grand Rapids, MI: Zondervan. s. 56. ISBN 0-310-20807-6.  Text "tittel5" ignored (hjelp); Text "tittel6" ignored (hjelp); Text "tittel " ignored (hjelp)
  5. 5,0 5,1 5,2 Woodley, Ronald (2000). «Syle and practice in the early recordings». I Mawer, Deborah. The Cambridge Companion to Ravel. Cambridge University Press. s. 236–237. ISBN 0-521-64856-4. 
  6. «Zelda Exposed from 1UP.com». 1UP.com. 5 mars 2005. Henta 5 august 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]