Bombefartøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bombefartøy eller bombeskip var ein type seglskip hovudsakleg utstyrt med bombekastarar i staden for kanonar.

Bombefartøya dukka opp i 1681 i Frankrike, der eit våpen med krum bane på granatane kunne monterast på eit fartøy som kunne frakte det tyngste artilleriet mot forsvarsverk frå sjøsida. Det var mogleg å skyte bombegranatar med ein masse på inntil 200 pund frå dei sterkaste bombarderfartøya som var i bruk heilt fram til slutten av 1800-talet, då meir langtrekkende sjøartilleri kom til, slik at ein ikkje trong å gå så nær strendene, der forsvarsverka og byane låg.

Den viktigaste verdien til bombefartøya var i mange sine auge ikkje at det vart nytta som bombardementsvåpen mot forsvarsverk, som til tider kunne vere ineffektivt, men som terrorvåpen. Døme på dette såg ein under åtaka på København i 1700, 1801 og 1807, sjølv om det grunne farvatnet hindra det vondaste ved alle dei tre bombardementa, slik at visse bombekastarar vart sett på land. Bombefartøy vart med granatar og bomber, som kunne medføre store skadar i ein by, vart teken i bruk som terrorvåpen av franskmennene under Ludvig XIV.

Ludvig XIV sine bombefartøy[endre | endre wikiteksten]

Den 21. juli 1682 kom ein fransk flåte til Alger på den algeriske kysten for å få ein slutt på sjørøvarverksemda frå denne byen. Med seg hadde kommandanten Abraham Duquesne fem småfartøy som på fransk vart kalla galiotes à bombes. Operasjonen mot Alger var ikkje effektiv på grunn av vêret og fordi ein berre kunne kome nær nok om natta, men i dei to siste bombardementa den 20-21. august og 4-5. september medførte dei store skadar. Blant anna vart den store moskeen til byen øydelagt. Franskmennene måtte gjere retrett, men kom attende i juni 1683, denne gongen med meir erfarne mannskap og med to ekstra bombarderfartøy. Duquesne heldt byen under bombardement ein kort periode og fekk tvinga fram innrømmingar.

I 1685 vart fleire bombefartøy teke i bruk av franskmennene mot Tripoli, der dei på få dagar avfyrde over 500 granatar og fekk øydelagt store delar av byen. Over 300 vart drepne. Kort tid etter gjekk byen Tripoli med på lauslasting av kristne slavar og erstatning på over ein halv million livres i pengar. Rykte om dette fekk Tunis til å gje seg svært raskt.

I 1680-åra hadde Genova gått over til Spania i strid med franske ynskje, og byen tilbaud spanjolane ein base i det nordvestlege Italia. Dette fekk Ludvig XIV, som allereie hadde opparbeidd seg eit hat mot republikkar, til å reagere ved å beordre Duquesne om å angripe byen, endå det var ikkje krig. Den 17. mai 1684 kom flåten på 14 krigsskip, 20 galeiar og 10 bombarderfartøyer til byen. Der forlangte dei å få dei spanske galeiane som hadde kome dit for reparasjon. Dette kunne ikkje genoveserne gå med på, og dei tok opp kampen.

I perioden 17. til 28. mai 1684 vart 13 300 bombar skotne inn i byen, som raskt vart sett i brann. Meir enn to tredjedelar av byen vart øydelagt. Ingen visste kor mange som omkom under eit av dei vondaste tilfella av bombardement for terrorformål på 1600-talet.

Bombefartøy i Nord-Europa[endre | endre wikiteksten]

Bombefartøya kom til Nord-Europa under Gyldenløvefeiden, noko som kan tyde på at desse fartøya hadde nederlandsk opphav frå 1670-åra, som det vert påstått einskilde stader. Deretter vart bombefartøya eit spesialisert og ganske kostbart våpen som sjeldan vart teke i bruk. Bombekastarar vart av og til sett på prammar eller flate fartøy som vart kalla stykkpram.

Tordenskjold hadde eit bombarderfartøy med seg då han gjekk til åtak på Marstrand i 1719. Dette fartøyet var òg i bruk mot forsvarsverk utanfor Göteborg. Han hadde ein del svenske skip på samvitet, og frå raidet inn i Göteborg i 1719 vart bombegallioten «St. Johannes» brunne og øydelagt av mennene hans.

Men det var elles berre København som opplevde å bli angripen med bombefartøy tre gonger i 1700, 1801 og 1807. Der viste det seg at desse fartøya stakk for djupt til å kunne kome nærare og at dei sterke forsvarsverka mot sjøsida heldt dei for langt unna. Berre éin gong vart bombekastarane som var teke frå bombefartøy på landsiden, teke i bruk med effektivitet under åtaket på København i 1807.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]