Krakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For krakk som økonomisk samanbrot, sjå børskrakk.
Krakk med tre bein laga i 1884 av Liberty & Co Ltd. i London.
Samanlikning av krakk og stol.

Krakk eller knakk er eit møbel til å sitja på. Han har sete for éin og er forma som ein liten stol utan ryggstø eller armlene. Krakkar tek liten plass og kan brukast på fleire ulike måtar, til dømes til arbeid. Dei gjev derimot ikkje like mykje støtte og kvile som ein stol.

Andre ord for krakk er skammel, som viser til ein låg krakk, taburett, som kan visa til ein trommeliknane krakk.

Praktisk bruk[endre | endre wikiteksten]

Krakkar har oftast tre eller fire bein, men kan også ha andre typar sokkel. Krakkar med tre bein står stødig på ujamn grunn og har tradisjonelt ofte vore bruka til mjølking av kyr og anna utandørs arbeide, som legging av brustein. Dei kan også nyttast av musikarar som skal rekka over store eller fleire instrument, som slagverk eller tangentinstrument.

Krakkar tek opp mindre plass og er lettare å bruka i eit fullt lokale enn stolar, og kan brukast på serveringsstader som pubar, kaféar og barar. Høge barkrakkar kan brukast ved barar, høge bord, spelebord og liknande.

Sosial bruk[endre | endre wikiteksten]

Krakkar kan også brukast til fleksible sitjeplassar for mange; dei kan lett flyttast og ein kan snu seg i dei. Høge barkrakkar er blitt vanleg i mange barar og andre serveringsstader, der dei tek liten plass og gjev ein særprega atmosfære. Høgda på barkrakkane fører til at dei som sit har andletet i om lag same høgt som dei som står, slik at det vert lettare å tala saman.

I europeisk mellomalder sat ofte berre husbonden og husfrua på stolar, medan andre brukte krakkar og benkar. Ved det franske hoffet utvikla det seg ein skikk i renessansen der visse personar hadde rett til å sitja på firbeinte trommeforma krakkar, taburettar. Skikken med at statsrådar sat på taburettar blei overført til Storbritannia og Sverige, der han blei halden i hevd under opninga av riksdagen fram til 1970-talet.

Andre stader kunne ein forseggjort krakk derimot ha status som ei trone for ein herskar, eller ei religiøs tyding. Dette gjeld mellom anna dei vestafrikanske asjantiane, som lenge har brukt utskorne krakkar som sete for sjela til kongelege. I 1900 kjempa asjantiar og britar ein krig, på engelsk kalla War of the Golden Stool, om retten til å sitja på den gylne kongetrona.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]