Boulder to Birmingham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Boulder to Birmingham
Song av Emmylou Harris
frå albumet Pieces of the Sky
Utgjeve 1975
Sjanger Country
Lengd 3:33
Låtskrivar(ar) Emmyloy Harris og Bill Danoff

I would rock my soul in the bosom of Abraham
I would hold my life in his saving grace
I would walk all the way from Boulder to Birmingham
If I thought I could see, I could see your face

Emmylou Harris (1975)

«Boulder to Birmingham» er ein song av Emmylou Harris frå 1975 på albumet Pieces of the Sky. Songen vart skriven av Harris og Bill Danoff. Han har vorte ein av kjenningsmelodiane hennar og fortel om sorga i åra etter at countryrockestjerna og mentoren hennar Gram Parsons døydde. Tidleg i karrieren hennar turnerte Harris med Gram Parsons og song på albumet hans GP i 1973.[1] Songen er kjend for refrenget «I would rock my soul in the bosom of Abraham/I would hold my life in his saving grace/I would walk all the way from Boulder to Birmingham/If I thought I could see, I could see your face.»

Danoff spelte inn songen med gruppa si, Starland Vocal Band, på debutalbumet deira med same namn som bandet. Ein versjon av songen vart ein hit på New Zealand for The Hollies, med ein tiandeplass der, og kom sidan ut på albumet deira A Crazy Steal. Ein versjon spelt inn i 1975 av Scott Walker og The Walker Brothers vart gjeven ut på albumet deira No Regrets album. I 2012 spelte det amerikanske alternative rockebandet The Fray inn songen i lag med Harris som eit bonusspor på plata deira Scars & Stories.

Dolly Parton spelte songen i 1976 på albumet hennar All I Can Do.

Joan Baez spelte songen live og gav han ut på albumet Joan Baez: The Complete A&M Recordings, som kom ut i 2003.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Boulder to Birmingham». Songfacts.com. Henta 1. oktober 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]