The Hollies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
The Hollies
The Hollies (1965).png
The Hollies i 1964.
(V-H: Eric Haydock, Allan Clarke, Graham Nash, Tony Hicks, Bobby Elliott)
Opphav Manchester i England
Sjanger
Aktive år Sidan 1962
Tilknytte artistar
Plateselskap
Nettstad hollies.co.uk
Medlemmer
Tony Hicks
Bobby Elliott
Ray Stiles
Ian Parker
Peter Howarth
Steve Lauri
Tidlegare medlemmer
Allan Clarke
Graham Nash
Eric Haydock
Vic Steele
Bernie Calvert
Terry Sylvester
Mikael Rickfors
Alan Coates
Steve Stroud
Denis Haines
Carl Wayne

The Hollies er eit britisk pop- og rockeband som vart eit av dei leiande britiske banda i 1960- og 1970-åra. Singlane deira låg samla sett 231 veker på den britiske singellista i 1960-åra, det niande høgaste for alle artistar dette tiåret. Bandet vart skipa av Allan Clarke og Graham Nash i 1962 som ei Merseybeat-gruppe i Manchester, sjølv om somme bandmedlemmer kom frå byar lenger nord. Graham Nash slutta i 1968 for å bli med i supergruppa Crosby, Stills & Nash.

Dei var ganske så populære i mange land (minst 60 singlar eller EP-ar og 26 album gjekk inn på listene ein eller annan stad i verda, i løpet av ein periode på fem tiår), sjølv om dei ikkje hadde noko særleg suksess i USA før 1966 med «Bus Stop». The Hollies hadde over 30 singlar som gjekk inn på UK Singles Chart, og 22 som gjekk inn på Billboard Hot 100, og dei større hittane på begge sider av Atlanteren var mellom andre «Just One Look», «Look Through Any Window», «I Can't Let Go», «Bus Stop», «Stop Stop Stop», «On a Carousel», «Carrie Anne», «Jennifer Eccles» og seinare «He Ain't Heavy, He's My Brother», «Long Cool Woman in a Black Dress» og «The Air That I Breathe».

Dei er eit av få band frå tidleg i 1960-åra, i lag med The Rolling Stones, som aldri har blitt oppløyst og som framleis er aktive. The Hollies vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2010.[2]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

The Hollies oppstod som ein duo skipa av Allan Clarke og Graham Nash, som var bestevener frå barneskulen og byrja å spele i lag under skiffle-bølgja seint i 1950-åra.[3] Etter kvart vart Clarke og Nash ein vokal- og gitarduo på same måte som The Everly Brothers under namnet «Ricky and Dane Young.»[3] Med dette namnet slo dei seg saman med eit lokalt band, The Fourtones, bestod av Pete Bocking (gitar), John 'Butch' Mepham (bass), Keith Bates (trommer) og Derek Quinn (giitar). Då Quinn slutta for å bli med i Freddie and The Dreamers i 1962, slutta òg Clarke og Nash og slo seg saman med eit anna band frå Manchester, The Deltas, som bestod av Vic Steele på sologitar, Eric Haydock på bassgitar og Don Rathbone på trommer, som akkurat hadde tapt to medlemmar (inkludert Eric Stewart, som slutta for å bli med eit «profesjonelt» band, The Mindbenders).[3]

The Deltas kalla seg først «The Hollies» for ein konsert i desember 1962 i Oasis Club i Manchester.[3] Det har blitt føreslått at Eric Haydock gav gruppa dette namnet i samband med ein julekrans av kristtorn, som heiter «holly» på engelsk, men i eit intervju i 2009 sa Graham Nash at gruppa like før valte å kalle seg sjølv «The Hollies» fordi dei var store tilhengjarar av Buddy Holly.[4] I 2009 skreiv Nash «Me kalla oss The Hollies, etter Buddy og jula.»[5]

1963-1968[endre | endre wikiteksten]

I januar 1963 spelte The Hollies på Cavern Club i Liverpool, der dei vart oppdaga av ein assisterande produsent hos Parlophone, Ron Richards, som hadde vore involvert i den førte innspelinga til Beatles.[3] Richards tilbaud dei prøvespel for Parlophone, men Steele ønskte ikkje å bli «profesjonell» musikar og slutta i bandet i april 1963.[3] Dei henta då inn Tony Hicks for å erstatte Steele for prøvespelinga. Hicks spelte i bandet The Dolphins frå Nelson, der òg Bobby Elliott spelte trommer og Bernie Calvert spelte bass.[3] Ikkje berre fekk The Hollies kontrakt av Richard, som fortsette å produsere bandet fram til 1976, og ein gong til i 1979, men ein song frå prøvespelinga, ein versjon av The Coasters-singelen «(Ain't That) Just Like Me» i 1961, vart gjeven ut som debutsingelen deira i mai 1963 og nådde 25. plassen på UK Singles Chart.

Den andre singelen deira, ein annan song av The Coasters, denne gongen «Searchin'» frå 1957, nådde 12. plassen. På dette tidspunktet, etter å ha spelt inn berre åtte songar for Parlophone, valte òg Rathbone å slutte i bandet, og Hicks fekk det til at bandkollegaen hans frå Dolphins, Bobby Elliott erstatta han som den nye trommeslagaren i The Hollies i august 1963.[3] Dei fekk så sin første hit på Topp 10 i Storbritannia tidleg i 1964 med ein versjon av Maurice Williams and the Zodiacs sin «Stay», som nådde åttandeplassen. Denne var henta frå debutalbumet til bandet på Parlophone, Stay with The Hollies, som kom ut 1. januar 1964, og som nådde andreplassen på den britiske albumlista. Ein versjon av albumet kom ut i USA som Here I Go Again, på det amerikanske selskapet til The Hollies, Imperial.

The Hollies vart kjend for å spele inn andre sine songar, og dei følgde opp med «Just One Look» (Februar 1964, 2. plass i Storbritannia), ein song som alt hadde vore inne på Topp 10 i USA som ein hit for Doris Troy. Hittane heldt fram med «Here I Go Again» (mai 1964, 4. plass i Storbritannia). Det var no byrja å bli interesse for bandet i Nord-Amerika og versjonar av Stay With The Hollies, med desse to singlane lagt til, vart gjevne ut i både Canada (av Capitol Records) og USA (av Imperial Records), der tittelen var endra til Here I Go Again. Som det andre bandet på Parlophone, The Beatles, var albuma The Hollies gav ut i Nord-Amerika forskjellige frå albuma dei gav ut i Storbritannia.

The Hollies byrja no å skrive og spele sine eigne songar, stort sett skrivne av Clarke, Nash og Hicks, og produsenten Richards let dei omsider få gje ut sin sjølvskrivne song, «We're Through» (sep. 1964, 7. plassen i Storbritannia) (tilskriven pseudonymet, «L. Ransford», namnet på bestefaren til Graham Nash. Det same var alle dei tidlege komposisjonane deira). Denne vart følgd opp av to nye coverversjonar, «Yes I Will» (Jan. 1965, 9. plassen i Storbritannia) og til slutt Clint Ballard jr.-songen «I'm Alive» (mai 1965, den første topplasseringa i Storbritannia, 103. plass i USA, 11. plass i Canada). Det andre albumet deira, In The Hollies Style (1964), gjekk ikkje inn på albumlista til BBC, men nådde albumlista til New Musical Express. Ingen av songane kom ut i USA, men ein versjon kom ut i USA i lag med dei britiske singlane.

Til slutt slo The Hollies gjennom i Nord-Amerika med ein original song dei hadde fått Graham Gouldman frå Manchester til å skrive for dei. «Look Through Any Window» (Sept. 1965, 4. plassen i Storbritannia) vart gjennombrotet for The Hollies i USA, der han nådde 32. plassen på hitlista i januar 1966. Songen nådde òg 3. plassen i Canada, som var den første Topp 10-plasseringa deira der. Oppfølgjaren deira, ei original innspeling av George Harrison sin «If I Needed Someone» (desember 1965), selde dårleg då The Beatles valte å gje ut sin eigen versjon på Rubber Soul. Singelen nådde berre 20. plass i Storbritannia og vart ikkje gjeven ut i Nord-Amerika. Det tredje albumet deira, berre kalla Hollies, nådde åttandeplassen i Storbritannia i 1965, men under namnet Hear! Here!, gjekk det ikkje inn på lista i USA, trass i at det inkluderte singlane «Look Through Any Window» og «I'm Alive».

The Hollies vende så attende til den britiske Topp 10-lista med «I Can't Let Go» (feb. 1966, 2. plass i Storbritannia, 42. plass i USA). Det fjerde albumet deira, Would You Believe?, inneheld denne hitten og nådde 16. plassen på albumlista i 1966. Dette kom ut i USA under namnet Beat Group!, men nådde ikkje Topp 100 der.

Det braut så ut ein krangel mellom The Hollies og leiinga deira over det bassisten Eric Haydock meinte var for store salær til leiinga. Haydock valte derfor å ta seg ein pause frå gruppa. Medan han var borte henta gruppa inn The Beatles-venen Klaus Voorman for nokre konsertar og dei spelte inn to singlar med andre på bass: Burt Bacharach-Hal David-songen «After the Fox» (Sep. 1966), med Peter Sellers på vokal, Jack Bruce på elektrisk bass og Burt Bacharach sjølv på klaverinstrument, og var kjenningsmelodien til Sellers-filmen med same namn (som selde dårleg), og «Bus Stop» (5. plassen i Storbritannia, 5. plassen i USA, juni 1966), om var ein annan Gouldman-song med Bernie Calvert, ein tidlegare bandkollega av Hicks og Elliott i The Dolphins, på bass. Calvert spelte òg på ein turné i Jugoslavia med bandet i mai 1966.

«Bus Stop» vart den første singelen til The Hollies som gjekk inn på Topp 10 i USA. Albumet Bus Stop vart dermed gjeven ut i Nord-Amerika med denne singelen og andre songar som bandet ikkje hadde gjevne ut før, og albumet nådde 75. plassen på albumlista. Sjølv om Haydock viste seg å ha rett i pengekrangelen, fekk han sparken i juli 1966 og Calvert vart verande.

Då Haydock slutta var Clark, Nash og Hicks med på ei innspeling av The Everly Brothers-albumet Two Yanks in England i lag med studiogitaristen Jimmy Page, bassisten John Paul Jones og pianisten Elton John. Dette bestod stort sett av coverversjonar av «L. Ransford»-songar. Etter The Everly Brothers-albumet stoppa The Hollies å publisere originale songar under eit pseudonym, og frå et punktet og fram til den siste singelen til Nash med The Hollies i 1968, var alle A-sidene deira originale songar, utanom den siste singelen i Nash-perioden, «Listen To Me» (1968) som var skriven av Tony Hazzard.

I oktober 1966 vart det femte albumet til gruppa, For Certain Because (23. plass i Storbritannia, 1966), det første albumet deira som berre bestod av originale songar av Clarke, Nash og Hicks. Det kom ut i USA som Stop! Stop! Stop! og nådde 91. plassen der, og inneheldt ein singel som berre vart gjeven ut i USA, «Pay You Back with Interest», som vart ein liten hit med ein 28. plass på hitlista. Ein annan song, «Tell Me to My Face», vart ein moderat hit Mercury-artisten Keith, og vart òg spelt inn seinare på tiåret med Dan Fogelberg og Tim Weisberg på albumet deira Twin Sons of Different Mothers.

Samstundes fortsette The Hollies å gje ut ei rekkje internasjonale hitsinglar: «Stop Stop Stop» (okt. 1966, 2. plassen i Storbritannia, 7. plassen i USA) frå For Certain Because, kjend for det særeigne banjoarrangementet; «On a Carousel» (feb. 1967; 4. plassen i Storbritannia, 11. plassen i USA, 14. plassen i Australia)[6]); «Carrie Anne» (mai 1967, 3. plassen i Storbritannia, 9. plassen i USA, 7. plassen i Australia[7]).

I midten av 1967 kollapsa Bobby Elliot på scenen på grunn av blindtarmbetennelse. The Hollies vart tvungen til å fortsette turneen utan han, og brukte Tony Mansfield, Dougie Wright og Tony Newman i plassen for han på konsertane deira. Då dei byrja å spele det neste albumet sitt, brukte dei Wright, Mitch Mitchell og Clem Cattini. Albumet Evolution kom ut 1. juni 1967, same dagen som The Beatles gav ut Sgt Pepper's Lonely Hearts Club Band. Det var òg det første albumet som kom ut på det nye amerikanske selskapet deira, Epic. Det nådde 13. plassen i Storbritannia og 43. plassen i USA. Den amerikanske versjonen inneheld singelen «Carrie Anne». I tillegg hadde The Searchers og Paul and Barry Ryan begge hatt ein mindre hit i Storbritannia med ein song frå Evolution, «Have You Ever Loved Somebody» i 1967.

I 1967 deltok The Hollies på Festival di San Remo med songen «Non prego per me», skriven av dei italienske låtskrivarane Lucio Battisti og Mogol.[8][9][10]

Nash forsøkte å utvide den musikalske horisonten til bandet med den meir ambisiøse songen «King Midas in Reverse», som berre nådde 18. plassen på den britisek hitlista. The Hollies gav så ut det ambisiøse og psykedeliske albumet Butterfly, som i USA vart kalla King Midas in Reverse/Dear Eloise, men som ikkje gjekk inn på listene nokon stad. Som svar skreiv Clarke og Nash ein nesten «tyggegummipopsong», «Jennifer Eccles» (kalla opp etter konene deira) (mars 1968, 7. plassen i Storbritannia og 40. plassen i USA, og 13. plassen i Australia[11]), som vart ein hit. The Hollies donerte ein Clarke-Nash-song, «Wings», til No One's Gonna Change Our World, eit velgjerdsalbum til støtte for World Wildlife Fund, i 1969.

Terry Sylvester erstattar Graham Nash[endre | endre wikiteksten]

I tillegg til songane for The Hollies skreiv Graham Nash i 1967 den første hitten til John Walker, «Annabella» – og seinare i 1968, song Nash på The Scaffold sin hit, «Lily the Pink» (som refererte til «Jennifer Eccles»). Den mislukka singelen «King Midas in Reverse» hadde skapt spaningar i bandet, og Clarke og Hicks ønskte å spele inn meir popaktige songar enn det Nash ville. Dropen i begeret var då bandet avviste Nash sin «Marrakesh Express» og så valte å spele inn eit album med berre Bob Dylan-songar. Nash deltok på ein Dylan-song, «Blowin' in the Wind», men skjulte ikkje misnøya sin med ideen og hamna stadig i klinsj med produsenten Ron Richards.

I august 1968 spelte The Hollies inn «Listen to Me» (skriven av Tony Hazzard) (sept. 1968, 11. plassen i Storbritannia), med Nicky Hopkins på piano. Dette vart den siste innspelinga til Nash med The Hollies, og han forlet offisielt gruppa etter ein konsert på ein velgjerdskonsert i London Palladium den 8. desember 1968 for å flytte til Los Angeles, der han planla å fokusere på å bli låtskrivar. Nash sa til magasinet Disc, «Eg orkar ikkje å turnere lengere. Eg vil berre sitje heime å skrive songar. Eg bryr meg i røynda ikkje kva resten av gruppa meiner.»[12] Etter å ha flytta til Los Angeles, slo han seg saman med den tidlegare Buffalo Springfield-gitaristen Stephen Stills og den tidlegare The Byrds-songaren og gitaristen David Crosby for danna ei av dei første supergruppene, Crosby, Stills & Nash, som gav ut «Marrakesh Express» som debutsingelen sin.

B-sida til «Listen to Me» var «Do the Best You Can», den siste originale innspelinga til Clarke-Hicks-Nash som kom ut på eit Hollies-album (sjølv om «Survival of the Fittest», skrive av Clarke-Hicks-Nash, vart spelt inn på nytt med Terry Sylvester og gjeven ut på singel i USA i 1970).

Graham Nash vart erstatta i The Hollies i januar 1969 av Terry Sylvester, som tidlegare hadde spelt i The Escorts, som hadde hatt ein liten hit i 1964 med «Dizzy Miss Lizzy», og Swinging Blue Jeans, som var messt kjend for hitsinglane «Hippy Hippy Shake», «Good Golly Miss Molly» og «You're No Good» frå 1966–1968. Sylvester tok òg over rolla til Nash som låtskrivar i gruppa i lag med Clarke og Hicks. Gruppa gav så ut Hollies Sing Dylan, som nådde tredjeplassen på den britiske albumlista, medan den amerikanske versjonen, Words And Music by Bob Dylan, selde dårleg. Det neste albumet deira, Hollies Sing Hollies gjorde det dårleg i Storbritannia, men selde godt i Canada og USa, der det nådde 32. plassen.

Med Nash ute av bandet byrja The Hollies igjen å sjå etter eksterne låtskrivarar for A-sidene til singlane sine i 1969 og 1970. Dei fekk fire hittar på den britiske Topp 20 (inkludert to på Topp 5) i denne perioden. Den første var ein Geoff Stephens/Tony Macaulay-song, «Sorry Suzanne» (feb. 1969), so nådde tredjeplassen i Storbritannia. Oppfølgjaren var den emosjonelle balladen «He Ain't Heavy, He's My Brother» skriven av Bobby Scott og Bob Russell, der Elton John spelar piano. Denne nådde tredjeplassen i Storbritannia i oktober 1969 og sjuandeplassen i USA i mars 1970. Den amerikanske versjonen av Hollies Sing Hollies inkluderte denne songen og albumet fekk òg namnet He Ain't Heavy, He's My Brother. Albumet nådde 32. plassen i USA.

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

Den neste singelen til The Hollies, «I Can't Tell the Bottom from the Top», inneheldt igjen ein ung Elton John på piano og nådde sjuandeplassen på den britiske singellissta i mai 1970, og gjekk inn på listene i tolv land. I Storbritannia fortsette hittane med «Gasoline Alley Bred» (oktober 1970, 14. plassen i Storbritannia, 20. plassen i Australia[13]), medan Tony Hicks-songen «Too Young to Be Married» – berre eit albumspor i Storbritannia og USA - gjekk heilt til topps i Australia, New Zealand og Malaysia og nådde niandeplassen i Singapore. Allan Clarke sin hardare «Hey Willy» nådde 22. plassen i Storbritannia i 19791 og gjekk inn på listene i minst åtte andre land.

Som Graham Nash før han, byrja frontmannen Allan Clarke i 1971 å bli frustrert og han òg byrja å krangle med produsenten Ron Richards om songane. Etter å ha sett suksessen Nash fekk etter han forlet bandet, ønskte òg Clarke å gje seg for å spele inn eit soloalbum. Etter albumet i 1971,, Distant Light, som enda kontrakten deira med EMI/Parlophone i Storbritannia, slutta Clarke i The Hollies i desember. Dette kom overrraskande på for fansen.

The Hollies fekk kontrakt med Polydor for Storbritannia og Europa i 1972, medan den amerikanske kontrakten deira med Epic gjaldt for tre album til. Den svenske songaren Mikael Rickfors, tidlegare i Bamboo (som hadde varma opp for The Hollies i Sverige i 1967), og vart raskt teken opp i bandet og song solo på den første singelen til bandet for Polydor, «The Baby» (26. plassen i Storbritannia, mars 1972). Då Rickfors først prøvespelte for dei, prøvde han å syngje som Allan Clarke, men det fungerte dårleg.[14] Resten av gruppa meinte det var betre å spele inn heilt nye songar han kunne syngje. Terry Sylvester og Tony Hicks song harmoni med Rickfors i staden for at han skulle prøve å imitere tenorrøysta til Clarke.[14] Det var rykte om at Rickfors ikkje kunne eit ord engelsk og at han måtte lære seg teksten til «The Baby» fonetisk.[14] Rykta stemte derimot ikkje, men han hadde likevel problem med engelske ord og uttrykk.[14]

Samstundes gav Parlophone ut ein Clarke-komponert song frå det førre, mislukka albumet, Distant Light med Clarke på solovokal og sologitar, den Creedence Clearwater Revival-inspirerte «Long Cool Woman in a Black Dress». Parlophone gav ut denne som ein rivaliserande singel til «The Baby» i februar 1972, men han selde ganske dårleg i Storbritannia (32. plassen). I USA eigde Epic rettane til Distant Light, men hadde ikkje gjeve det ut, før dei omsider gav ut albumet i april 1972 og singelen i mai 1972. Overraskande nok vart songen ein stor hit utafor Europa og nådde andreplassen i USA, den høgaste plasseringa deira nokon sinne der, og gjekk heilt til topps i Australia.[15]

«Long Dark Road», ein annan song frå Distant Light med solovokal av Clarke, trestemte harmonir og munspel, vart så gjeve ut som singel i USA og nådde då 26. plassen. Som følgje av suksessen la Epic press på Clarke og The Hollies om å kome saman att, trass i at det berr var gått eit år sidan dei gjekk frå kvarandre, og Rickfors hamna i ein vanskeleg posisjon.

Samstundes gav The Hollies med Rickfors ut det første albumet sitt, Romany (84. plassen i USA) i oktober 1972. Ein ny singel sungen av Rickfors, «Magic Woman Touch» (1972), selde dårleg i Storbritannia og vart den første offisielle singelen deira der som ikkje gjekk inn på singellista sidan 1963, men gjekk inn på listene i sju andre land og nådde Topp 10 i Nederland, New Zealand og Hong Kong. Eit nytt album med Rickfors, Out on the Road (1973), vart spelt inn og utgjeve i Tyskland. Med den amerikanske suksessen til Distant Light og singlane, valte Clarke å kome attende til bandet igjen sommaren 1973 og Rickfors slutta. Out on the Road var derfor ikkje gjeve ut i verken USA eller Storbritannia, og dette «tapte» Hollies-albumet har derfor fått legendestatus blant fansen, og dei originale tyske utgåvene går for høge prisar.

Etter Clarke kom attende, gjekk The Hollies på ny inn på den britiske singellista med ein ny swamp rock-aktig song skriven av Clarke, «The Day That Curly Billy Shot Down Crazy Sam McGee» (24. plassen i Storbritannia, 1973). I 1974 fekk dei den siste store hitten sin i USA og Storbritannia med Albert Hammond/Mike Hazlewood-songen «The Air That I Breathe» (tidlegare spelt inn av Hammond og Phil Everly på soloalbumet hans Star Spangled Springer i 1973). Singelen nådde andreplassen i Storbritannia og Australia[16] og gjekk inn på Topp 10 i USA. Singelen «Another Night» var neste singel ut og nådde 32. plassen på Billboard's Rack Singles Best Sellers-liste i juli 1975 og 71. plassen på Hot 100.[17][18]

Etter den mislukka Hollies-singelen «4th of July, Asbury Park», skriven av Bruce Springsteen, droppa Epic The Hollies i USA og kombinerte dei to albuma frå 1976 til den siste amerikanske utgjevinga deira det tiåret, Clarke, Hicks, Sylvester, Calvert, Elliott (igjen med Springsteen-songen).

The Hollies fortsette å plassere singlar på hitlistene ut 70-åra, men hovudsakleg i Europa og i New Zealand. I 1976 gav til dømes gruppa ut tre singlar i forskjellige stilar, og ingen av dei gjekk inn på listene i Storbritannia og USA. «Star» var ein kjapp song som minna om 60-talslåtane deira, og gjekk inn på lista i New Zealand og Australia, hardrocksongen «Daddy Don't Mind» gjekk berre inn på listene i Nederland og Tyskalnd, og «Wiggle That Wotsit,» ein disco-låt gjekk inn på listene i Nederland, Sverige og New Zealand. The Hollies fortsette å turnere og gje ut album resten av 70-åra.

Etter 1980[endre | endre wikiteksten]

I 1980 klarte The Hollies å kome eg inn på den britiske singellista igjen med «Soldier's Song», skriven og produsert av Mike Batt. Han ndåde 58. plassen. Dei gav òg ut eit album med Buddy Holly-songar kalla Buddy Holly, som selde dårleg i Storbritannia og USA, men gjekk in på lista i mellom anna Nederland.

I mai 1981 slutta Calvert og Sylvester i gruppa etter musikalske usemjer med Bruce Welch, som var produsenten deira på den tida (ingen av desse innspelingane kom ut då). Sylvest var òg sterkt usamd i å sparke den langvarige manageren deira, Robin Britten. Alan Coates kom med i bandet på rytmegitar og lys harmonivokal kort tid etter.

The Hollies gjekk attende i studio 6. juni 1981 med songaren, låtskrivaren og gitaristen John Miles og studiobassisten Alan Jones for å spele inn «Carrie» og «Driver». Men ingen av desse songane kom ut då. «Carrie» kom sidan ut som B-side til ei nyutgjeving av «He Ain't Heavy» i 1988).

I august 1981 gav dei attverande Hollies ut «Holliedaze» på EMI, ein medley sett saman av Tony Hicks av tidlegare hittar, og dei gjekk igjen inn på den britiske Topp 30-lista. Etter at BBC bad om det, kom Nash og Haydock ein kort periode attende til bandet i spetember 1981 or å marknadsføre plata på Top of the Pops. The Hollies gav ut den siste singelen sin på Polydor, «Take My Love and Run» (skriven av klaverspelaren Brian Chatton, som òg spelte med The Hollies då dei marknadsføre singelen på fjernsyn) i november 1981, men denne kom ikkje inn på salslistene.

Graham Nash vart med på innspelinga av ein Alan Tarney-song, «Somethin' Ain't Right», den 10. september 1982, som førte til innspelinga av eit heilt album What Goes Around... Dette kom ut på WEA Records i juli 1983. Graham Nash fortsette å spele med The Hollies til tidleg i 1984, då dei fek si sinste hitsingel i USA med ein ny versjon av The Supremes-songen «Stop in the Name of Love», som nådde 29. plassen i 1983. Songen kom frå albumet What Goes Around.... Eit konsertalbum med Clarke-Hicks-Elliott-Nash, Reunion, vart spelt inn i Kings Island Amusement Park i Ohio under ein amerikansk turné året etter, og vart først gjeven ut i 1997 som Archive Alive, så kalla Reunion (med to ekstra spor) i 2004.

The Hollies fortsette å turnere og spele i lag gjennom 1980-åra. Etter kvart måtte dei senke registeret på songane då Clarke ikkje lenger klarte å nå dei lyse tonane.

Etter at songen vart nytta i ein TV-reklame for ølmerket Miller Lite sommaren 1988, vart «He Ain't Heavy» gjeven ut på ny i Storbritannia og gjekk heilt til topps på singellista. På denne tida hadde bassisten Ray Stiles, som tidlegare hadde spelt i Mud, blitt permanent medlem.

1988 kom samlealbumet All the Hits & More: The Definitive Collection ut og gjekk inn på albumlista i Storbritannia.

I 1993 feira The Hollies 30-årsjubileet sitt som band. Samlealbumet The Air That I Breathe: The Very Best of The Hollies kom ut i samband med jubileet og nådde 15. plassen i Storbritannia. Albumet inneheldt den nye singelen «The Woman I Love», som nådde 42. plassen i Storbritannia. Graham Nash spelte igjen med The Hollies for ein ny versjon av «Peggy Sue Got Married» med eit gammalt vokalopptak av Buddy Holly, teken frå ein alternativ versjon av songen gjeven til Nash av enkja til Holly, Maria Eleana Holly. Denne «Buddy Holly & The Hollies» opna hyllestalbumet Not Fade Away til Holly. The Hollies fortsette å turnere.

The Hollies fekk Ivor Novello-prisen i 1995 for sine bidrag til britisk musikk.

Allan Clarke pensjonerte seg i februar 2000. Han vart erstatta av Carl Wayne, den tidlegare frontmannen i The Move. Eit samlealbum i New Zealand, Hollies Greatest Hits, gjekk heilt til topps der i 2001. Frå 200 til midten av 2004 turnerte The Hollies mykje og spelte inn ein song med Carl Wayne, «How Do I Survive?», den siste (og einaste nye songen) på samleplata Greatest Hits frå 2003 (som nådde 21. plassen på den britiske albumlista). Etter Wayne døydde av kreft i august 2004, vart han erstatta av Peter Howarth. Alan Coates slutta òg i bandet og vart erstatta av Steve Lauri.

The Hollies vart innlemma i Vocal Group Hall of Fame i USA i 2006. Same året gav dei ut det første nye studioalbumet sitt sidan 1983, Staying Power, med Peter Howarth på solovokal. Eit nytt album kom ut i 2009, Then, Now, Always, igjen med Peter Howarth på solovokal.

I 2010 vart The Hollies innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[2] Same året gjekk eit samlealbum, Midas Touch: The Very Best of The Hollies, inn på den britiske albumlista på ein 23. plass. I 2013 feira The Hollies 50-årsjubileeum med ein omfattande verdsturné på over 60 konsertar.

Bandmedlemmmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande

  • Tony Hicks – sologitar, korvokal (Sidan 1963
  • Bobby Elliott – trommer (Sidan 1963
  • Ray Stiles – bass (1986–1990, sidan 1991)
  • Ian Parker – klaverinstrument (Sidan 1991)
  • Peter Howarth – solovokal, rytmegitar (Sidan 2004)
  • Steve Lauri – rytmegitar, korvokal (Sidan 2004)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Britiske album

US Albums


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The HolliesAllmusic
  2. 2,0 2,1 Letterman update, The Boston Globe, 17. desember 2009
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 Dawn Eden, 30th Anniversary essay, 1993. mars in 30th Anniversary Collection.
  4. William Kerns (14. mars 2009). «Holly's influence will not fade away». Lubbockonline.com. Henta 21. mars 2018. 
  5. 2009 Graham Nash Reflections :: Introduction to autobiographical liner/CD booklet
  6. «Go-Set national Top 40, 12 Apr. 1967». Poparchives.com.au. 12. april 1967. Henta 21. mars 2018. 
  7. «Go-Set national chart, 9 Aug. 1967». Poparchives.com.au. 9. august 1967. Henta 21. mars 2018. 
  8. «Gli Hollies di Graham Nash». altervista.org. 
  9. «Gli Hollies - Non Prego Per Me (Live 1967 Audio)». YouTube. 
  10. «Grande enciclopedia rock». google.it. 
  11. «',Go-Set', national Top 40, 8 May 1968». Poparchives.com.au. 8. mai 1968. Henta 21. mars 2018. 
  12. Artikkelen stod på trykk i turnéboka til The Hollies i 2004
  13. «Go-Set national chart, 20 Feb. 1970». Poparchives.com.au. 20. februar 1971. Henta 21. mars 2018. 
  14. 14,0 14,1 14,2 14,3 Circus Magazine, mai 1973. – «Romany – The Hollies Hop Over Disaster» av Janis Schacht.
  15. «Go-Set National Top 40, 20 September 1972». Poparchives.com.au. 30. september 1972. Henta 21. mars 2018. 
  16. «',Go-Set', national Top 40, 1 June 1974». Poparchives.com.au. 1. juni 1974. Henta 21. mars 2018. 
  17. «Hot 100». Billboard. Billboard. Henta 6. mars 2018. 
  18. «Rack Singles Best Sellers». Google Books. Billboard. Henta 6. mars 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: The Hollies