No Regrets av The Walker Brothers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
No Regrets
Studioalbum av The Walker Brothers
Utgjeve Oktober 1975
Innspelt Marquee Studios, Kingsway Recorders and Air London Studios, 1975[1]
Sjanger Pop, rock, country
Lengd 40:34
Selskap GTO
Produsent Scott Walker and Geoff Calver
The Walker Brothers-kronologi
Images
(1967)
No Regrets Lines
(1976)
Scott Walker-kronologi
We Had It All
av
Scott Walker
(1974)
No Regrets Lines
(1976)


No Regrets er det fjerde studioalbumet til den amerikanske popgruppa The Walker Brothers. Albumet kom ut i 1975 og var den første til gruppa sidan 1967. Det nådde 49. plassen på UK Albums Chart[2] og inneheld singelen «No Regrets». Singelen kom ut med B-sida «Remember Me», som ikkje finst på albumet, og vart den siste store hitten til gruppa med ein sjuandeplass på UK Singles Chart tidleg i 1976.[2]

Albumet var heilt annleis frå musikken gruppa gav ut i 1960-åra. Arrangementa var framleis ofte grandiose og ofte med orkester, men den generelle musikkstilen låg nærare country og pop. Albumet var det første som ikkje inneheldt songar skrivne av verken Scott Walker eller John Walker. Den einaste nye songen til John Walker, «Remember Me», vart gjeven ut som B-sida til «No Regrets». Det påfølgjande albumet til gruppa, Lines, inneheld ein song av John Walker skriven under eit psevdonym, medan Scott Walker ikkje bidrog med nye songar før 1978 med albumet Nite Flights

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic3.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar half.svgStar empty.svg[3]

No Regrets fekk middels kritikk då det kom ut. Dave Thompson skreiv for Allmusic at tittelsporet var «brilliant»[3] og «eit gigantisk stykke sentimental sorg som vrei ut kvar siste tøddel av smerte frå stemma til Scott».[3] Thompson kritiserer resten av albumet og seier at det «stinkar»,[3] men hyllar «He'll Break Your Heart» og «Burn Our Bridges».

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «No Regrets»  Tom Rush 5:47
2. «Hold An Old Friend's Hand»  Donna Weiss 3:47
3. «Boulder to Birmingham»  Bill Danoff, Emmylou Harris 3:55
4. «Walking In The Sun»  Jeff Barry 3:28
5. «Lover's Lullaby»  Janis Ian 3:52
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
6. «Got To Have You»  Kris Kristofferson 3:55
7. «He'll Break Your Heart»  Curtis Mayfield, Jerry Butler 5:10
8. «Everything That Touches You»  Michael Kamen 4:08
9. «Lovers»  Mickey Newbury 3:01
10. «Burn Our Bridges»  Jerry Ragovoy, Linda Laurie 3:31

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • akustisk gitar - John Walker, Judd Procter, Len Walker, Scott Walker
  • akustisk gitar, elektrisk gitar - Alan Parker
  • korvokal - Suzanne Lynch, Bones
  • bass - Darryl Runswick
  • dirigent - Steve Grey
  • trommer - Barry Morgan
  • trommer, Percussion - Dougie Wright
  • elektrisk gitar - Ritchie Hitchcock
  • pedalsteelgitar - B.J. Cole
  • orkester - David Katz Orchestra
  • perkusjon - Chris Karan, Gary Walker
  • akustisk piano - Steve Grey
  • elektrisk piano - Dave McRae
  • lydteknikar - Phil Harding

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste Plassering
UK Album Chart[2] 49

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Walker Brothers, The - No Regrets (Vinyl, LP, Album) at Discogs». Discogs.com. Henta 2012-01-07. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Roberts, David (2006). British Hit Singles & Albums (19th utg.). London: Guinness World Records Limited. s. 589/590. ISBN 1-904994-10-5. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 Allmusic review