Pieces of the Sky
Pieces of the Sky Studioalbum av Emmylou Harris | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Februar 1975 | |
Studio | Enactron Truck i Los Angeles; Track Recorders i Silver Spring i Maryland | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 38:40 | |
Selskap | Reprise | |
Produsent | Brian Ahern | |
Emmylou Harris-kronologi | ||
---|---|---|
Gliding Bird (1969) |
Pieces of the Sky | Elite Hotel (1975)
|
Singlar frå Pieces of the Sky | ||
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Christgau's Record Guide | C+[2] |
The Guardian | [3] |
Pieces of the Sky er det andre studioalbumet til USA-amerikanske countryartisten Emmylou Harris, gjeve ut i februar 1975 på Reprise.
Sjølv om hadde gjeve ut det relativt obskure visemusikkalbumet Gliding Bird fem år tidlegare, vart Pieces of the Sky albumet som lanserte karrieren til Harris og vert rekna som debuten hennar. I åra i mellom hadde ho skapt eit musikalsk samarbeid med Gram Parsons som endra den musikalske retninga i karrieren hennar. Albumet inneheld den første Billboard-countryhitten hennar, med «If I Could Only Win Your Love», som nådde fjerdeplassen på lista. «Too Far Gone» (opphavleg ein hit i 1967 for Tammy Wynette) nådde berre 73. plassen på lista. Songutvalet var variert og synte tidleg kor eklektisk musikksmaken til Harris var. I tillegg til hennar eigen «Boulder to Birmingham», som var skriven for Gram Parsons som døydde året før, inkluderte ho Merle Haggard-klassikaren «The Bottle Let Me Down,» The Beatles sin «For No One» og Dolly Parton sin «Coat of Many Colors.» Parton spelte til gjengjeld «Boulder to Birmingham» i 1976 på albumet hennar All I Can Do. På Shel Silverstein sin «Queen of the Silver Dollar», syng den mangeårige venen og duettpartnaren til Harris, Linda Ronstadt, syng harmoni.
Pieces of the Sky nådde sjuandeplassen på Billboard-countrylista.
Allmusic skreiv om albumet: «Den første plata hennar på eit større selskap er eklektisk på modig vis, upåklageleg utført og så vakkert at det gjer vondt. Midt mellom ei samling songar er høgdepunktet på albumet med ein av Harris sine få originale songar, 'Boulder to Birmingham', som er den rørande hyllesten hennar til den falne mentoren Gram Parsons».[1]
Pieces of the Sky vart inkludert i Robert Dimery-boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.
Innhald
[endre | endre wikiteksten]Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Bluebird Wine» | Rodney Crowell | 3:18 |
2. | «Too Far Gone» | Billy Sherrill | 4:05 |
3. | «If I Could Only Win Your Love» | Charlie Louvin, Ira Louvin | 2:36 |
4. | «Boulder to Birmingham» | Emmylou Harris, Bill Danoff | 3:33 |
5. | «Before Believing» | Danny Flowers | 4:44 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «The Bottle Let Me Down» | Merle Haggard | 3:16 |
7. | «Sleepless Nights» | Felice and Boudleaux Bryant | 3:25 |
8. | «Coat of Many Colors» | Dolly Parton | 3:42 |
9. | «For No One» | John Lennon, Paul McCartney | 3:40 |
10. | «Queen of the Silver Dollar» | Shel Silverstein | 5:14 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
11. | «Hank and Lefty» | Dallas Frazier, Doodle Owens | 2:50 |
12. | «California Cottonfields» | Dallas Frazier, Earl Montgomery | 2:47 |
Medverkande
[endre | endre wikiteksten]- Emmylou Harris – vokal, akustisk gitar
- Brian Ahern – akustisk gitar, gitar, bass
- Bruce Archer – akustisk gitar
- Duke Bardwell – bass
- Byron Berline – fele, mandolin
- James Burton – elektrisk gitar, nylonstrengsgitar, dobro
- Mark Cuff – trommer
- Rick Cunha – akustisk gitar, gitar
- Nick DeCaro – strykearrangement
- Amos Garrett – elektrisk gitar
- Richard Greene – fele
- Tom Guidera – bass
- Glen Hardin – piano, elektrisk piano, strykearrangement
- Ben Keith – pedalsteelgitar
- Bernie Leadon – akustisk gitar, bass, banjo, dobro, korvokal
- Bill Payne – piano
- Herb Pedersen – akustisk gitar, 12-strengsgitar, banjo, korvokal
- Danny Pendleton – pedalsteelgitar
- Ray Pohlman – bass
- Linda Ronstadt – korvokal
- Ricky Skaggs – fele, bratsj
- Fayssoux Starling – korvokal
- Ron Tutt – trommer
- Teknisk
- Brian Ahern – produsent, lydteknikar
- Chris Skene – lydteknikar
- Paul Skene – lydteknikar
- Fran Tate – lydteknikar
- Stuart Taylor – lydteknikar
- Lisa Phillips – engleteikningar på omslaget
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Pieces of the Sky» frå Wikipedia på engelsk, den 11. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Ankeny, Jason. Pieces of the Sky på Allmusic
- ↑ Christgau, Robert (1981). «Consumer Guide '70s: H». Christgau's Record Guide: Rock Albums of the Seventies. Ticknor & Fields. ISBN 089919026X. Henta 24. februar 2019 – via robertchristgau.com.
- ↑ Sweeting, Adam (9. april 2004). «Emmylou Harris, Pieces of the Sky». The Guardian. Henta 11. november 2020.