Hopp til innhald

Bratsk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bratsk
Братск
by
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Irkutsk
Høgd 450 m
Areal 428 km²
Folketal 219 365 (1. januar 2025)
Grunnlagd 1631
   Bystatus 1955
Postnummer 665700–665732
Retningsnummer (+7) 3953
Kart
Bratsk
56°09′07″N 101°37′59″E / 56.152°N 101.633°E / 56.152; 101.633
Wikimedia Commons: Bratsk

Bratsk (russisk Братск) er ein by i Irkutsk oblast i Russland. Han ligg på vestsida av det enorme Bratsk-reservoaret i elva Angara, rundt 470 km nordvest for Irkutsk. Byen har om lag 220 000 innbyggjarar.

Bratsk vart grunnlagd av russiske nybyggjarar i 1631, som kom til staden for å krevja inn skatt frå lokale burjatar. Den permanente busetjinga byrja med konstruksjonen av ei festning (ostrog) i 1631 ved møtepunktet mellom elvene Oka og Angara.[1] Fleire tretårn frå 1600-talsfortet er no utstilt på Kolomenskoje-godset i Moskva.

I 1947 vart Angara arbeidsleir, ein del av gulagsystemet, oppretta nær Bratsk. Han hadde kapasitet for opptil 44 000 fangar som vart sette til prosjekt som bygginga av jernbanen frå Tajsjet til Ust-Kut via Bratsk.[2]

Bratsk rådhus.
Foto: Andrijko Z.

Den raske utviklinga til byen starta på midten av 1950-talet med bygginga av det store (4500 MW) vasskraftverket i Angara.

Økonomi og næringsliv

[endre | endre wikiteksten]

Bratsk vasskraftverk er den viktigaste næringa i byen. Av anna industri i byen finn ein eit aluminumsverk og ein tremassefabrikk.

Miljøproblem

[endre | endre wikiteksten]

Bratsk var av Blacksmith Institute sin «Dirty Thirty», dei tretti mest forureina stadane i verda.[3][treng kjelde]

Inntil nyleg var Bratsk-reservoaret - som er eit av dei største i verda - drikkevasskjelde for mange nærliggande byar. Men etter at tonnevis av kvikksølv vart funne på botn av reservoaret vart innbyggjarane åtvara og bede om å unngå reservoaret for ein kvar pris. Men på grunn av dei økonomiske problema i Russland vert reservoaret framleis nytta til fiske av hardt pressa lokale innbyggjarar. Ifølgje Jurij Udodov, leiar for Den føderale økologi-komitéen i Irkutsk oblast, så har dette området «den høgaste utsleppsmengda av metallisk kvikksølv i heile Sibir.»[4] Mengda av kvikksølvforureining i bakken rundt den nærliggande den kjemiske fabrikken Usolje tilsvarar halvparten av den globale produksjonen av kvikksølv i 1992.[4]

Bratsk er erklært ein økologisk katastrofesone. Bratsk aluminiumsverk har forureina omgjevnadane sine i så stor grad at byen Tsjikanovskij vart evakuert i 2001 på grunn av gjentatte helsemessige kriser.[3]

Bratsk ligg ved BAM (Bajkal-Amur Magistrale)-jernbanen. Bratsk lufthamn ligg 25 km nord for byen.

Høgare utdanningsinstitusjonar i byen er Bratsk statlege tekniske universitet og ei avdeling av Irkutsk statlege universitet.

  1. «Старый Братск 1620 - 1700 г. - Администрация города Братска». www.bratsk-city.ru. Arkivert frå originalen 17. februar 2022. Henta 22. mai 2021.
  2. Gulags in the Baikal region, gulag.memorial.de
  3. 1 2 Blacksmith Institute, arkivert frå originalen 26. oktober 2006, henta 30. november 2008
  4. 1 2 Earth Island Institute: Earth Island Journal - World News (Winter/Spring 1998-1999), arkivert frå originalen 18. oktober 2007, henta 30. november 2008

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bratsk