Usolje-Sibirskoje
Usolje-Sibirskoje Усолье-Сибирское | ||
---|---|---|
![]() | ||
Byvåpenet til Usolje-Sibirskoje |
| |
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | ![]() | |
Føderasjonssubjekt | Irkutsk oblast | |
Grunnlagd Bystatus |
1669 1925 | |
Borgarmeister | Anatoli Krusjinskij | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
75 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2008) - folketettleik |
85 900 1 145,3 /km² | |
Koordinatar | Koordinatar: | |
Høgd over havet | 440 moh | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 665450–665467 | |
Retningsnummer (tlf) | (+7) 39543 | |
Nettstad: www.usolie-sibirskoe.ru |
Usolje-Sibirskoje (russisk Усо́лье-Сиби́рское) er ein by i Irkutsk oblast i Russland med om lag 85 000 innbyggjarar. Han ligg på venstre bredda av elva Angara, rundt 70 km nordvest for Irkutsk.
Han vart grunnlagt i 1669 som landsbyen Usolje. Bystatus fekk han i 1925. I 1940 vart namnet endra til det noverande Usolje-Sibirskoje.
Byen ligg ved den transsibirske jernbanen. Heilt sidan grunnlegginga har den viktigaste næringa i byen vore saltgruvene.
Kjente personar frå Usolje-Sibirskoje[endre | endre wikiteksten]
- Nadesjda Tsjisjova – kulestøytar, olympisk meister og verdsrekordhaldar
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Om Usolje på transsib.ru Arkivert 2008-03-22 ved Wayback Machine.
