Hopp til innhald

Kirensk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kirensk
Киренск
by
Våpenskjold
Land  Russland
Areal 21 km²
Folketal 10 998 (2021)
Grunnlagd 1630
   Bystatus 1775
Retningsnummer 39568
Kart
Kirensk
57°47′00″N 108°06′00″E / 57.783333333333°N 108.1°E / 57.783333333333; 108.1
Wikimedia Commons: Kirensk

Kirensk (russisk Киренск) er ein by i Irkutsk oblast i Russland med om lag 10 000 innbyggjarar. Han ligg ved samløpet av elvane Lena og Kirenga, rundt 660 km nordaust for Irkutsk.

Han vart grunnlagd i 1630 av kosakkane som vinterbusetnaden Nikolskij pogost. Han hadde dette namnet til 1665, då det vart endra til Kirenskij ostrog. Han fekk byrettar i 1775.

På 1800-talet vart mange politiske fangar tvangsflytta til byen.

Kirensk lufthamn ligg 3 km vest for byen.

Vêrdata for Kirensk
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C −21,3 −14,7 −3,3 5,7 15,3 23,1 25,3 22,2 13 2,5 −10,4 −19,3 3,2
Døgnmiddeltemperatur °C −26,9 −21,9 −12,1 −1,1 8,1 15,8 18,7 15,8 7,6 −1,8 −15,5 −24,6 −3,2
Gjennomsnittleg min °C −32,5 −29,1 −20,9 −7,9 0,9 8,5 12,1 9,4 2,3 −6 −20,5 −29,8 −9,5
Gjennomsnittleg nedbør mm 24,6 14 15,6 14,8 32,4 51,6 66,3 58 41,7 33,4 29,9 26,1 408,4
Kjelde: Погода Киренск

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Kirensk