Break a Broken Heart
«Break a Broken Heart» Song av Andrew Lambrou | ||
Land | Kypros, Australia | |
Språk | Engelsk | |
Utgjeve | 2. mars 2023 | |
Sjanger | Pop | |
Lengd | 02:58 | |
Selskap | Panik Records, City Pop | |
Komponist | Jimmy Jansson | |
Tekstforfattar | Jimmy Joker | |
Låtskrivar(ar) | Jimmy Jansson, Jimmy «Joker» Thornfeldt, Marcus Winther-John, Thomas Stengaard |
---|
«Break a Broken Heart» (norsk omsetjing ‘knus(e) eit knust hjarte’) er ein popsong frå 2023 med den australsk-kypriotiske songaren Andrew Lambrou. Låten var det kypriotiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool.
Om songen
[endre | endre wikiteksten]«Break a Broken Heart» blei komponert av det svensk-danske låtskrivarteamet Jimmy Jansson, Jimmy «Joker» Thornfeldt, Marcus Winther-John og Thomas Stengaard.[1] Songen er ein popballade om «forhold som endar med eit knust hjarte, men som får oss til å stå opp att frå oska, sterkare enn nokon gong».[2]
Låten blei internt vald av den kypriotiske kringkastaren RIK til å representere Kypros i Eurovision Song Contest 2023. I oktober 2022 kunngjorde RIK at han hadde vald den australsk-kypriotiske songeren Andrew Lambrou til å representere landet. Låten «Break a Broken Heart» blei offentleggjord 2. mars 2023, og ein musikkvideo til låten blei sloppen same dag.
Kypros deltok i den andre semifinalen torsdag 11. mai i Liverpool. Der blei «Break a Broken Heart» nummer sju og kvalifiserte seg til finalen laurdag 13. mai.[3] I finalen fekk Kypros 126 poeng og enda på tolveplass.[4][5]
Listeplasseringar
[endre | endre wikiteksten]Liste (2023) | Høgaste plassering |
---|---|
Australia (ARIA)[6] | 29 |
Finland (Suomen virallinen lista)[7] | 42 |
Hellas (IFPI)[8] | 60 |
Island (Plötutíðindi)[9] | 21 |
Litauen (AGATA)[10] | 26 |
UK Singles (Official Charts Company)[11] | 92 |
UK Indie (Official Charts Company)[12] | 30 |
Sverige Heatseeker (Sverigetopplistan)[13] | 6 |
Tyskland (GfK Entertainment)[14] | 28 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Granger, Anthony (21. november 2022). «Cyprus: Jimmy Jansson and Thomas Stengaard Among Team Behind Eurovision 2023 Entry». Eurovoix (på engelsk). Henta 25. mars 2023.
- ↑ «Cyprus: Andrew Lambrou reveals 'Break A Broken Heart'». eurovision.tv (på engelsk). 2. mars 2023. Henta 25. mars 2023.
- ↑ «Eurovision2023: Allocation Draw results». eurovision.tv (på engelsk). 31. januar 2023. Henta 22. mars 2023.
- ↑ «AndrewLambrou». eurovision.tv (på engelsk). Henta 18. mai 2023.
- ↑ «GrandFinal of Liverpool 2023 - Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 18. mai 2023.
- ↑ «The ARIA Report: Week Commencing 22 May 2023». The ARIA Report (Australian Recording Industry Association) (1733): 9. 22. mai 2023.
- ↑ "Finnishcharts.com – Andrew Lambrou – Break a Broken Heart". Suomen virallinen lista. Hung Medien.
- ↑ «IFPI Charts». ifpi.gr. Henta 17. mai 2023.
- ↑ «Tónlistinn– Lög» [The Music – Songs] (på islandsk). Plötutíðindi. Henta 21. mai 2023.
- ↑ «202320-os savaitės klausomiausi (Top 100)» (på litauisk). AGATA. 19. mai 2023. Henta 19. mai 2023.
- ↑ "Archive Chart" UK Singles Chart. Official Charts Company.
- ↑ "Archive Chart" UK Indie Chart. Official Charts Company.
- ↑ «VeckolistaHeatseeker, vecka 20». Sverigetopplistan. Henta 19. mai 2023.
- ↑ «DownloadCharts Single – Aktualisiert am: 22.05.2023» (på tysk). mtv.de. Arkivert frå originalen 23. mai 2023. Henta 23. mai 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Break a Broken Heart» frå Wikipedia på bokmål, den 5. desember 2023.