Brevroman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tittelblad til Aphra Behn sin brevroman Love-Letters Between a Nobleman and His Sister (1684).

Brevroman er ein roman som har form av ei rekke brev. Brevromanen var ein svært populær sjanger på 1700-talet og eit stykke ut på 1800-talet. Han gjev høve til å oppleva hovudperson i forteljinga på nært holdet, anten han har ei fiktiv handling eller er ei forteljing frå det verkelege livet.

Då brevromanen oppstod danna han ein ny forteljarmåte der brevskrivaren normalt skildra noko han nyleg har opplevd. Med dette formidlar ein ei augeblinksstemning. Historia kjem ikkje som eit fjernt tilbakeblikk, men medan ho blir opplevd. Handlinga forflyttar seg inn i lesaren, der romanen vert psykologisk og gjer kvinner synlege som heltinner og skribentar. Slik skaffa romanane seg i første rekke ein kvinneleg lesarkrins.[1]

Sjangeren voks fram ved at brev på 1600- og 1700-talet ofte blei skrivne med tanka på å setjast i omløp, ofte gjennom avskrifter som sirkulerte i ein utvald krins. Ein annan faktor, ifølgje Göran Hägg, er at eldre litteratur manglar ein tradisjon for å attgje tankane til enkeltpersonar. Brev (i lag med dagsboknotat og fiktive avisutklipp) «forklarte »dermed korleis forfattar og lesar fekk kjennskap til til tankane deira. 

Den første romanen til å utforska sjangeren var Aphra Behn sin trilogi Lover-Letters Between a Noble-Man and his Sister frå 1684–87 med handling frå Monmouthopprøret.[2] Her blir forma nytta til å presentera forteljinga frå fleire synsvinklar. Forteljarstemme kjem i bakgrunnen i første delen; seinare dukkar ein synleg forteljar opp. 

Samuel Richardson si bok Pamela, som kom ut i 1740, var først tenkt som ei eksempelsamling for utrente brevskrivarar. Som utgangspunkt valde Richardson ei ung tenestejente som blir utsett for uønskt merksemd frå herren i huset, og skriv til foreldra sine for å få råd. Forfattaren blei etterkvart så gripen av soga at han endra prosjektet til ein roman. For å gjera han troværdig, lét han Pamela gå over til dagboknotat i staden for brev. Pamela fekk stor innverknad på seinare litteratur, både med omsyn til form og tema. Rousseau følgde i Richardson sine fotspor med Julie, eller den nye Héloïse (1760).[3] 

Døme på brevromanar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dietrich Schwanitz: Dannelse (s. 219), Pax forlag, Oslo 2005, ISBN 978-82-530-27708
  2. Love-Letters Between a Noble-Man and his Sister
  3. Colin Wilson: A criminal history of mankind (s. 389), Mercury Books, 2006, ISBN 1845600029

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Brevroman i Bibliotekarstudentens nettleksikon om litteratur og medier. Av Helge Ridderstrøm (førsteamanuensis ved OsloMet – storbyuniversitetet)